Anacamptis coriophora
Anacamptis coriophora | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Anacamptis | ||
Art: | A. coriophora | ||
Vitskapleg namn | |||
Anacamptis coriophora
(Linné) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
| |||
Økologi | |||
Habitat: | fuktig eng | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Anacamptis coriophora er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreAnacamptis coriophora var tidlegare knytt til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis coriophora, men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Anacamptis.[2]
Utbreiing
endreArten (estisk namn luitkkäpp) er dokumentert i herbariebelegg frå Saaremaa i Estland på 1800-talet, men er rekna som regionalt utdøydd (RE).[3] Det har òg vore rapportert om funn av arten heilt sør i Litauen, men dette er ikkje dokumentert.[4]
I Benelux var arten (nederlandsk namn wantsenorchis, fransk namn orchis punaise) sist registrert i Nederland i 1915, i Flandern i Belgia i 1937. Det er mogleg at han framleis kan finnast i Vallonia.[5] I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland).[6] På same måte er han i Belgia (som Orchis coriophora) rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern (RE, éteint) og i Vallonia (RE, éteint).[7][8] I Luxembourg er han (som Orchis coriophora) òg rekna som regionalt utdøydd (RE).[9]
Referansar
endre- ↑ «PoWO: Anacamptis coriophora». Plants of the World Online. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127.
- ↑ «eElurikkus: Orchis coriophora» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Anacamptis coriophora». FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Anacamptis coriophora i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Anacamptis coriophora hos NCBI
- (en) Anacamptis coriophora hos The International Plant Names Index
- (en) Anacamptis coriophora hos Tropicos
- (en) Kategori:Anacamptis coriophora – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anacamptis coriophora – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anacamptis coriophora – detaljert informasjon på Wikispecies