Narrmarihandslekta
Narrmarihandslekta | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Anacamptis | ||
Artar i Noreg | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Anacamptis
Rich.
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika |
Narrmarihandslekta (Anacamptis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
endrePå verdsbasis har narrmarihandslekta vore ei slekt med berre ein art, men eit titals artar som tidlegare var i vårmarihandslekta Orchis, er no flytta over hit.[2][3][4][5] Berre ein art, narrmarihand, er representert i Noreg, medan eit par til er å finne elles i Norden.[6][7][8]
Etymologi
endreNamnet Anacamptis kjem frå det greske verbet anakámpto (ανακάμπτω), som tyder å svinge opp eller bakover.
Artar
endreArtsdatabanken opererer med ein art i Noreg:[6]
- narrmarihand (A. morio)
Arten er på Norsk raudliste for artar (2021) oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR).[9]
I tillegg finst desse artane elles i Norden:
- myrmarihand (A. palustris), i Sverige (VU)[7]
- salepsrot (A. pyramidalis), i Sverige (LC)[7] og Danmark (VU)[8]
På Dei britiske øyane finst òg:
- A. laxiflora, berre på Jersey og Guernsey[10]
I Baltikum har ein art til vore registrert:
- A. coriophora, i Estland og kanskje i Litauen, men utdøydd båe stader[11][12]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Narrmarihandslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 726. ISBN 82-521-3754-7.
- ↑ Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 908. ISBN 978-82-521-6029-1.
- ↑ «PoWO: Anacamptis». Plants of the World Online. Henta 27. februar 2022.
- ↑ Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127.
- ↑ 6,0 6,1 «Artsdatabanken: Namnetre narrmarihandslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Artfakta: Anacamptis salepsrötter». Artdatabanken. Henta 27. februar 2022.
- ↑ 8,0 8,1 «Naturbasen: Horndrager Anacamptis pyramidalis». Naturbasen. Henta 27. februar 2022.
- ↑ «Raudlista 2021: Narrmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2022.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «eElurikkus: Orchis coriophora» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) narrmarihandslekta hos Artsdatabanken
- (en) narrmarihandslekta – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) narrmarihandslekta i Encyclopedia of Life
- (en) narrmarihandslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) narrmarihandslekta hos Dyntaxa
- (en) narrmarihandslekta hos NCBI
- (en) narrmarihandslekta hos The International Plant Names Index
- (en) narrmarihandslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Anacamptis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anacamptis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anacamptis – detaljert informasjon på Wikispecies