Anatolepis
fiskeslekt
Anatolepis er ei utdøydd urfiskslekt. Små fragment av fisken er funnen i Nord-Amerika, på Grønland og på Svalbard i bergarter frå sein kambrium til tidleg ordovicium. Funna er truleg dei eldste restane ein har funne av primitive virveldyr (urfisk). Fossil av slekta vart oppdaga i ordoviciske lag på Spitsbergen av norske paleontologar på 1970-talet. Slekta og arten Anatolepis heintzi fekk namn etter den norske paleontologen Anatol Heintz.
Anatolepis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | †Pteraspidomorphi |
Slekt: | Anatolepis |
Kjelder
endre- «Anatolepis», Store norske leksikon, 14. september 2011, henta 17. juli 2016