Anders Bertelson Hantveit (18571938) var ein norsk bonde og Høgre-politikar frå Hantveit i Austre Gulen.

Anders Hantveit
Fødd8. juni 1857
Død20. april 1938 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkebonde, lærar, politikar
Alle verv
  • ordførar i Gulen Sjå dette på Wikidata

Hantveit gjekk på Sogndal folkehøgskule 1877-1879 og jordbrukshøgskule på Ås 1879-1881. Hantveit utdanna seg vidare ved å studera meieribruk i Rogaland, og fruktdyrking.

I åra 1881 - 92 jobba Hantveit som reisande agronom og meierilærar i Sogn og Fjordane, og var bonde heime på Hantveit frå 1882. Han kjøpte ein av dei fyrste mjølkeseparatorane til fylket i 1887, og planta ut om lag 300 bærbuskar.

I 1902 skipa han Gulen Skoglag, og planta sjølv 200 dekar skog. Han fekk seinare ei rad utmerkingar for pionérinnsatsen sin for jordbruket, mellom anna gullmedalje frå Hagedyrkingens Venner.

I 1907 tok han til med å eksportera bær til England. Han sendte bæra i sponkorger som dei laga på Hantveit, og kunne på det meste produsera 6 tonn rips og 12 tonn solbær i året.

Ordførar endre

I åra 1890 - 1910 sat han som ordførar i Gulen kommune, og medlem av fylkesutvalet. I 1898 - 1900 var han også vararepresentant til Stortinget. Ei av dei aktuelle sakene Hantveit handsama som ordførar, var om det skulle byggjast kyrkje på øya Mjømna. Ifylgje bladet Kjelda, freista Hantveit å leggja kjeppar i hjula for kyrkjesaka så godt han kunnne. Mjømna hadde fått eigen kyrkjegard i 1893, og øybuane tok fleire gonger opp spørsmålet til kommunestyret om dei kunne få byggja eiga kyrkje. Hantveit sin konklusjon vart kvar gong at saka vart for lite utgreidd, og måtte utsetjast.

Våren 1896 hadde Hantveit laga i stand folkemøte i Eivindvik kyrkje, der alle røysteføre menn i kommunen fekk røysta i saka om det skulle byggjast kyrkje på Mjømna eller ikkje. Hantveit tok til orde på møtet og oppfordra folk til å røysta imot, og ifylgje Håkon Wergeland frå Byrknesøy, gjekk alle byrknesingane i protest då han sa dette. Då røystinga kom, var øybuane i sterkt mindretal i høve til dei som budde på fastlandet, og det vart difor nei frå kommunen til å byggja kyrkje på Mjømna.

Trass i dette danna mjømningane ein eigen komité som søkte Kyrkjedepartementet om å få byggja kyrkje i staden. Der fekk dei klarsignal i år 1900, kyrkja vart bygd og Mjømna kyrkje vart offisielt vigsla i november 1901.

Hantveit gjekk av som ordførar i 1910 og vart etterfølgt av Hans Kolbeinsson Rutledal.

Kjelder endre