Anders Nicolai Kiær

Anders Nicolai Kiær (fødd 15. september 1838 i Drammen, død 16. april 1919) var ein norsk statistikar. Han var direktør ved det statistiske Centralbyraa 1876–1913.

Anders Nicolai Kiær

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1838
Drammen kommune
Død

16. april 1919 (80 år)
Christiania

Yrke statistikar
Språk dansk, norsk
Medlem av Kungliga Vetenskapsakademien
Far Niels Andersen Kiær
Anders Nicolai Kiær på Commons

Kiær vart cand. jur. i 1860, og vart året etter tilsett ved Indredepartementet sitt statistiske kontor (tabellkontoret). Han vart sjefen til kontoret i 1867. Då det vart utskilt som eit eige institutt, det statistiske centralbyraa, vart han den første direktøren her, og sat i stillinga heilt til 1913.

Kiær var den første sjefen i det statistiske sentralbyrået, og under leiinga hans voks statistikken om Noreg til å omfatte alle sider av det økonomiske og sosiale livet i staten. I dette arbeidet samarbeidde han i mange år med Jacob Mohn.

Kiær var òg interessert i internasjonalt statistisk arbeid, og deltok på ei rekkje internasjonale statistikarmøte. På oppfordring av den internasjonale kongressen i Haag i 1869 skreiv han eit verk om internasjonal skipsfart. I 1885 deltok han i stiftinga av Institut international de Statistique, og tok initiativ til møtet mellom sjefane for dei skandinaviske landa sine statistiske byrå i 1889, som førte til eit omfattande samarbeid mellom desse.

I Noreg deltok han i skipinga av Den statsøkonomiske forening i 1883, og redigerte tidsskrifta til samskipnaden Statsøkonomisk Tidsskrift i ei årrekkje. Han deltok òg i skipinga av Foreningen til søndagens rette brug og av Christiania forening til fremme af sædelighed. Han skreiv ei rekkje verk med statistisk innhald, og bidrog med bindet om Smaalenenes amt i serien Norges land og folk.

Verk endre

  • Dødeligheden i de første leveaar (1872)
  • Statistique internationale. Navigation maritime (1876–92)
  • Om seddelbanker (1877)
  • International skibsfartsstatistik (1887)
  • Smaalenenes amt Bind 1 i serien: Norges land og folk (1885)
  • Livs- og dødstabeller for det norske folk (1888)
  • Den representative undersøgelsesmetode (1897)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre