Jacob Neumann Mohn (31. mai 183816. februar 1882) var ein norsk jurist og statistikar. Han var sekretær ved Det statistiske kontor, forløparen for Statistisk Sentralbyrå, frå 1874, og var ansvarleg for utforminga av fleire viktige lovforslag. Han hadde òg stor tyding for utviklinga av forbrukarsamvirket i Noreg. Han var bror av Emanuel Mohn og Henrik Mohn.

Jacob Neumann Mohn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1838
Bergen
Død

16. februar 1882 (43 år)
Christiania

Yrke Jurist, statistiker
Språk dansk
Ektefelle Valeria Paasche

Oppvekst og utdanning endre

Mohn var tredje born og andre sonen av bergenskjøpmannen Albert Henrik Mohn (1811–1894) og Adelaide (Ida) Augusta Charlotte Neumann (1814–1864). Ho var dotter av Jacob Neumann (1772–1848), biskop i Bergen.

Mohn tok artium ved Bergen Katedralskole i 1855 og vart cand. jur. ved Universitetet i Christiania i 1859. I 1865 budde Mohn i eit hybelhus i Universitetsgaten 1. Året etter gifta han seg med Valeria Paasche (1843–1912), dotter av kjøpmann og borgarrittmeister Mentz Paasche og Catharina Wallem. Mohn og Valeria budde i Pilestrædet 9 og fekk tre døtrer og ein son.

Statistikk og lovar endre

I 1860-åra var Mohn aktiv i Kristiania Arbeidersamfund, der han arbeidde med Eilert Sundt. Sundt brukte kvantitative metodar ved forsking på sosiale tilhøve og vart viktig for det vidare arbeidet til Mohn.

Frå 1871 var han nestleiar for Det statistiske kontoret, som vart til Det statistiske Centralbureau i 1876. Mohn alternerte i leiarskapen ved kontoret med Anders Nicolai Kiær, slik at dei begge kunne ta langvarige permisjonar for å drive med forskings- og utreiingsprosjekt.

I midten av 1870-åra utførte Mohn grundige undersøkingar av barnearbeid i Noreg, og kunne leggje fram statistikk som viste at barnearbeid var langt meir utbreidd i Noreg enn tidlegare trudd. Dette vakte oppsikt, og Mohn fekk i oppdrag å utarbeide ei lov om avgrensing av barnearbeid. Denne lova kunne han leggje fram i 1878. To år seinare presenterte han omfattande statistikk om kåra til husmennene i Noreg.

Forbrukarsamvirke endre

Mohn var ein føregangsmann i forbrukarsamvirket. Han heldt eit foredrag i 1865 om dei engelske konsumforeiningane som danna grunnlaget for norske forbruksforeingane. På initiativa hans vart det i 1870 danna ein fellesforeining for desse samskipnadene.

Noregs Land og Folk endre

I 1874 vart Mohn engasjert av Stortinget for å skrive eit stort verk som skulle heite Norges Land og Folk. Forslaget hadde vorte framsett året før av stortingsrepresentant Sverdrup, og regjeringa gav oppdraget til sekretær for det statistiske bureau, Jacob Mohn, som året etter kunne leggje fram ei utførleg skisse. Det var eit svært ambisiøst prosjekt som skulle gje detaljerte skildringar av norsk geografi, natur, økonomi og sosiale tilhøve. Verket skulle innehalde store mengder tekst og statistikk. Mohn sette i gang og samla eit enormt faktum- og talmateriale, men prosjektet voks seg større og større utan at han fekk det ut av den førebuande fasen. I tillegg vart han stadig avbroten av andre prosjekt.

Mohn fekk aldri ferdig nokre av dei planlagde binda. Det store arbeidspresset, og ubehaget ved alltid å liggje på etterskott med det nasjonalt viktige prosjektet, vart etter kvart ein stor belastning for Mohn. Han hadde frå ungdomen hatt ei svak helse, og i februar 1882 døydde han, berre 44 år gammal. Prosjektet vart overteke av Mohns kollega, Anders Nicolai Kjær, og verket kom etter kvart ut, med éit bind for kvart av dei 20 amta i Noreg.

Kjelder endre