Anders Kristian Omholt (fødd 27. november 1926) er ein norsk fysikar og forskingspolitikar. Som fysikar er Omholt kjend for arbeid innan nordlysforsking og kosmisk fysikk. Han deltok i den første forskingsraketten som vart skoten opp frå Andøya Rakettskytefelt i 1962 og i den første europeiske vitskaplege satellitten ESRO I i 1968.

Anders Omholt
Fødd27. november 1926
Død30. april 2017
NasjonalitetNoreg
Områdefysikk, astrofysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Han tok doktorgraden sin ved Universitetet i Oslo i 1959 og var først stipendiat og lektor ved Universitetet i Oslo frå 1953 til 1961. Han vart så førsteamanuensis ved Det norske institutt for kosmisk fysikk frå 1961 til 1963, før han vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1963 til 1971. I perioden frå 1965 til 1968 var han òg leiar for Nordlysobservatoriet i Tromsø. Han var då òg medlem av interimsstyret for Universitetet i Tromsø. Frå 1971 til 1977 var Omholt avdelingsdirektør for forsking og miljøvern ved Norges Industriforbund og han var ekspedisjonssjef ved forskningsavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1977 og 1978, før han vart administrerande direktør i Norges allmennvitenskapelige forskningsråd fram til 1988. Fram til 1991 var han fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Omholt har publisert fleire artiklar, og gjeve ut monografien The Optical Aurora (1971).

Kjelder endre