Anders Porsanger (173510. oktober 1780) var ein samisk språkforskar og prest frå Olderfjorden i Porsanger.

Anders Porsanger
Fødd1735
Kjelvik
Død10. oktober 1780
Risør kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, prest

Anders Porsanger gjekk på Katedralskolen i Trondheim og var også lærar der. Han tok teologisk eksamen i København i 1761. Det året vart han også tilsett som misjonær i Varanger. I 1764 vart han hospitalsprest i Trondheim, og i 1771 vart han prest i Varanger. Anders Porsanger var den første og til no (2008) einaste presten i Noreg med nordsamisk som morsmål. Han gjorde ein stor innsats i arbeidet med utvikling av samisk skriftspråk, og omsette fleire religiøse skrifter til samisk, men desse vart ikkje prenta. Han er kjend for å ha samarbeidd med János Sajnovics for å fastslå at samisk og ungarsk var skylde språk. Dei møttest då Sajnovics var i Vardø i samband med Venuspassasje-ekspedisjonen i 1769. I 1780 omkom han i lag med heile familien sin da dei var på veg med båt til København.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.