André Oktay Dahl

norsk politikar

André Oktay Dahl (fødd 7. juli 1975 i Lørenskog) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Akershus fylke sidan 2005. Han var vararepresentant frå 1997 til 2005, og møtte fast mens Jan Petersen var utanriksminister 2001–2005.

André Oktay Dahl
Andre Oktay Dahl, parlamentariker Norge talat vid BSPC 20 i Helsingfor (1).jpg
Fødd7. juli 1975 (46 år)
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist, kommunikasjonsrådgiver
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Dahl er cand. jur. frå Universitetet i Oslo 2002. Han avtente verneplikt som soloklarinettist i HMKG Musikkorps 1995.

Dahl var formann i Rælingen Unge Høgre 1992–1993. 1. viseformann i Akershus Unge Høgre 1995–1997, formann 1997–1998. Han var medlem av Rælingen kommunestyre 1995–1999, og av Akershus fylkesting 1999–2007. Han var leiar av kontrollkomiteen til fylket 2003–2007 og vart 8. mars 2008 vald til leiar i Akershus Høgre.

StortingskomitearEndra

BakgrunnsstoffEndra