Andrea Koevska
Andrea Koevska (fødd 14. februar 2000), best kjend under artistnamnet Andrea, er ein makedonsk popsongar. Ho representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Circles».
Andrea Koevska | |||
| |||
Fødd | 14. februar 2000 (24 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Skopje | ||
Opphav | Nord-Makedonia | ||
Aktiv | 2020– | ||
Sjanger | pop, elektronisk musikk, dansemusikk | ||
Instrument | vokal, gitar, piano | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
endreKoevska vart fødd i den makedonske hovudstaden Skopje i 2000. Mora er fysikar og faren er jusprofessor.[1] Då ho var fem år, flytta familien til Harlem i New York og budde der i eitt år. I Harlem vart ho introdusert for musikksjangrar som gospel, soul, jazz og rhythm and blues, noko som gjorde at ho fatta interesse for musikk og song.[2]
Musikkarrieren til Koevska starta ved eit tilfeldig omstende, då ho for moro skuld la ut korte videoar på Instagram der ho laga og song makedonskspråklege versjonar av kjente pop- og rockesongar. Musikkprodusenten Aleksandar Masevski kom over kontoen hennar og inviterte ho til studioet sitt og til eit profesjonelt samarbeid. Han motiverte ho også til å studere ved Musikkfakultetet i Skopje, i avdeling for solosong innan populære sjangrar.[3]
I samråd med Masevski byrja Koevska å syngje utelukkande på engelsk for å kunne nå eit internasjonalt publikum. Debutsingelen «I Know» vart utgjeve 23. oktober 2020 og har sidan blitt spelt på over hundre radiostasjonar i ei rekkje land – inkludert Noreg.[4] Vinteren 2021 deltok ho i «Fame's» i samarbeid med komponisten Bete Ilin, dirigenten Oleg Kondratenko og videoprodusenten Vladimir Mitrevski Gule. Der laga dei ei orkesterframsyning med songane hennar, framført av Macedonian Symphony Orchestra.
I februar 2022 deltok Koevska i den makedonske nasjonale finalen Za Evrosong 2022, der vinnaren fekk representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Ho deltok med låten «Circles» og vann finalen med 20 poeng. Juryen hadde ho som favoritt, mens ho vart nummer tre i internettavrøystinga.[5][6] 12. mai deltok ho i den andre semifinalen, der ho enda på ein ellevteplass, éin plass unna å kvalifisere seg til finalen.[7]
Diskografi
endreSinglar
endre- 2020 – «I Know»
- 2020 – «I Don't Know Your Name»
- 2021 – «Talk to Me»
- 2021 – «Choose My Way»
- 2021 – «Heartbreak»
- 2021 – «Bettin on You»
- 2022 – «Circles»
Kjelder
endre- ↑ Magazine, Infrared. «Andrea Sings Through Heartbreak With New Single “I Don’t Know Your Name”» (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. desember 2020. Henta 5. februar 2022.
- ↑ «Track of the Day: Andrea – I Know». The Other Side Reviews (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. november 2020. Henta 5. februar 2022.
- ↑ «Нов проект на Андреа со оркестарски верзии на нејзините песни». МКД.мк (på makedonsk). Arkivert frå originalen 23. april 2021. Henta 5. februar 2022.
- ↑ «About – Andrea Music» (på engelsk). Henta 5. februar 2022.
- ↑ «North Macedonia: Andrea to Eurovision 2022 with "Circles"». Eurovisionworld (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022.
- ↑ Farren, Neil (4. februar 2022). «🇲🇰 North Macedonia: Andrea to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 5. februar 2022.
- ↑ «North Macedonia selects Andrea for Turin 🇲🇰». Eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Andrea Koevska» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juli 2022.