Soul
Soul (engelsk for 'sjel') er ein musikksjanger som er ei blanding av rhythm & blues og gospel. Soul hadde sitt opphav i USA på slutten av 1950-talet. Rhythm & blues (eit omgrep skapt av Jerry Wexler) er i seg sjølv ei blanding av blues og jazz og oppstod på 1940-talet hos små musikkgrupper, ofte med bruk av saksofon, som bygde på blues-tradisjonen.
Soul | |||
| |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1950–1960-talet i USA | ||
Typiske instrument |
| ||
Musikalske scener | |||
Soul er først og fremst ein unik amerikansk musikksjanger og omgrepsapparatet er derfor amerikansk. Soul har stort sett sitt opphav i tre byar: Memphis, Macon og Muscle Shoals - byar som var regionale utpostar og låg langt bort frå den store plateindustrien. Her kunne artistar, låtskriverar og produsentar få sjansen til å definere si eiga rolle utfrå eigne ressursar.
Soul har vore viktig for utviklinga av funk, disco og hiphop. Moderne soulartistar har ofte element av hiphop med i songane sine.
Kjende soulartistar
endreUlike soul-sjangrar
endre- Southern soul, stamma frå 1950-talet.
- Memphis soul, avstamning frå 1960-talet i Memphis
- Detroit (Motown) soul, plateselskapet Motown fekk ei rekkje listetoppar med soul-songar på 1960-talet, mellom anna med «You’ve Really Got a Hold on Me».[1][2]
- Northern soul, stamma frå 1960-talet og Nord-England og North Midlands.
- Neo soul
- Philadelphia soul, stamma frå seint på 1960-talet, Philadelphia
- Psykedelisk soul
- Blue-eyed soul
Referansar
endre- Miller, Jim (editor) (1976). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. New York: Rolling Stone Press/Random House. (Chapter on "Soul," by Guralnick, Peter. pp. 194-197.
- Escott, Colin. Liner notes for The Essential James Carr. Razor and Tie Records, 1995.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 404.
- ↑ 11 of Motown Records' Biggest Hitmakers. Biography.com. Vitja 29. juli 2020. «Known as Motown's "soul supergroup," Smokey Robinson & The Miracles are distinguished for being the record label's first band to hit it big, starting in the 1960s. As an R&B vocal group, Smokey Robinson & The Miracles recorded over 20 hit singles that made it into the top 40 charts, including "You've Really Got a Hold on Me»