Andreas Føllesdal

Andreas Føllesdal (fødd 1957) er ein norsk filosof, og professor ved Universitetet i Oslo sidan 1999. Han leiar PluriCourts, eit av Noregs forskningsråd sine senter for framifrå forsking. Før dette var han forskar ved ARENA. Han har magistergrad i filosofi frå Universitetet i Oslo, og tok doktorgraden sin ved Harvard University med John Rawls som rettleiar.

Andreas Føllesdal

Fødd12. november 1957
NasjonalitetNoreg
Yrkefilosof

Føllesdal arbeider spesielt med spørsmål knytte til etikk og moralfilosofi, både i høve styresmakter og næringsliv. På førespurnad har Føllesdal bidratt til partia Venstre og Arbeidarpartiet.

Andreas Føllesdal er son av filosofiprofessoren Dagfinn Føllesdal.[1] Han blei fødd i Boston.

I 2012 blei han vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i gruppa for filosofi og psykologi.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre