Andreas Fleischer

Andreas Fleischer 5. november 187823. november 1957) var ein norsk teolog, misjonær, sakprosaforfattar og biskop i Den norske kyrkja. Han var biskop i Bjørgvin bispedømme frå 1932 til 1948.[1]

Andreas Fleischer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1878
Hegra
Død

23. november 1957 (79 år)
Vikedal

Yrke prest, misjonær
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Petra Amalie Margrethe Fleischer
Andreas Fleischer på Commons

Fleischer var fødd i Hegra i Stjørdal i 1878. tok artium i Trondheim i 1896 og blei cand.theol. ved Det teologiske fakultetet i 1902. I 1903 blei han ordinert prest i Trondheim av biskop Skard. Han var misjonær i Hunan i Kina frå 1904 til 1912. Han bleisokneprest i Fitjar i 1912, Stord i 1917 og Brunlanes i 1922. I 1932 etterfølgde han Peter Hognestad som biskop i Bergen. Han var biskop der til 1948. Etter tida som biskop verka han i ein periode som reisetalar for det norske misjonsselskap.

Han døydde i Vikedal i Vindafjord i 1957.

Flesicher skreiv fleire bøker, mange av dei på kinesisk.

Familie endre

Han var son av sokneprest Carl Edvard Fleischer (1843–85) og Johanne Sofie Fergstad (1850–1926). Faren var prest då han drukna på heimferd frå Osen annekskyrkje i Sør-Trøndelag Allehelgens sundag 1. november 1885.[2] Både farfaren Andreas Jørgen Fleischer og morfaren Sivert Andreas Fergstad var sokneprestar. Broren Carl Gustav Fleischer (1883–1942) blei general. Andreas gifta seg i 1908 med prestedottera Petra Amalie Margreta Ulsaker (1881–1963) frå Skedsmo. Bryllaupet fann stad i Kina.[3]

Bibliografi (norske utgjevingar) endre

Referansar endre

  1. Studentene fra 1896: biografiske opplysninger samlet til 25-aarsjubilæet 1921. s. 77–78. 
  2. Nils Dybdal-Holthe, Andreas Fleischer fra bloggen Gudsfolket
  3. Aftenposten morgen - Nekrolog (25.11.1957, s.2)