Andreas Mathias Anderssen
Andreas Mathias Anderssen (14. juni 1849–2. mai 1943) var ein norsk fotograf frå Salt i Selje kommune. Anderssen virka som portrett-og prospektfotograf i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.
Andreas Mathias Anderssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juni 1849 Selje |
Død |
2. mai 1943 (93 år) |
Yrke | fotograf |
Andreas Mathias Anderssen på Commons |
Verkestader
endreAnderssen reiste frå Selje til Bergen for å søke teneste i 1867, og innan 1875 hadde han utdanna seg og etablert seg som sjølvstendig fotograf[1]. Anderssen dreiv atelier på ulike adresser i Bergen fram til 1907. Dei eldste bileta hans er påført adressa "James Hansen Gaard på Strandgaden" [2], det vil seie Strandgaten 26. Seinare flytte Anderssen atelieret sitt til Halvkandebakken 4 (perioden 1885-1902) og deretter til Rosenbergsgate 17 (perioden 1902-1907). I 1907 flytta Anderssen verksemda si for siste gong, denne gongen til Veblungsnes i Indre Romsdal. Produksjonen til Anderssen indikerer at oppdragsfotografering rundt om i bygdene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har vore ein del av inntektsgrunnlaget hans[3].
Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri
endreI løpet av 1880- og 1890-åra utførte Andreas Mathias Anderssen eit større oppdrag for Mathias Askevold som hadde samla inn bilete av kjente kulturpersonar i samtida. Samlinga til Askevold omfatta hovudsakleg bilettypar som maleri, tresnitt og litografi. Anderssen fekk i oppdrag å avfotograferte heile biletsamlinga. Anderssen sine reproduksjonar er i dag å finne ved Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen i form av 8 store album med namna Norsk Forfatter-Galleri og Norsk Kunstner-Galleri.
Samlingar etter fotograf Anderssen
endreI mai 2010 publiserte Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ei samling med glasplatenegativ etter fotograf Andreas Mathias Anderssen til fri bruk på Flickr Commons. Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Fylkeskonservatoren i Hordaland har også originalt fotomateriale etter Anderssen i sine samlingar.
Referansar
endre- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 6. november 2012
- ↑ Sollied, Ragna (1967), Eldre Bergenske Fotografar, Bergen: Eget forlag
- ↑ Østevik, Elin (2007), Fotograf Andreas Mathias Anderssen, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Litteratur
endre- Klungnes, Einar (red) (1999), Indre Romsdal på postkort: Fra 1890-åra til 1940, Rauma kommune
- Sollied, Ragna (1967), Eldre Bergenske Fotografar, Bergen: Eget forlag.
Bakgrunnsstoff
endre- Østevik, Elin (2007), Fotograf Andreas Mathias Anderssen, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Andreas Mathias Andersen i Fotografregisteret.
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har lagt ut ei samling med fotografi etter Anderssen på Flickr Commons
- Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen