Andreas Nygaard

norsk politikar

Andreas Olsen Nygaard (7. november 18785. september 1963) var ein norsk industriarbeidar og politikar frå Kongsberg.

Andreas Nygaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1878
Kongsberg kommune
Død

5. september 1963 (84 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Far til Nygaard arbeidde på Kongsberg Sølvverk. Sjølv byrja han å arbeide på Kongsberg Våpenfabrikk då han var 16 år og i 1897 var han ein av to elevar i det fyrste kullet som fullførte Kongsberg tekniske kveldsskule. Etter mange års arbeid fekk han stilling som arbeidsformann på våpenfabrikken i 1921.

Nygaard hadde ei rekke verv i arbeidarrørsla og i det offentlege liv. Mellom anna var han styreformann ved Kongsberg kommunale sjukehus frå 1916 og Buskerud skolehjem frå 1940, samt for kinomatografstyret i Kongsberg 1919-29. Han var elles medlem i skulestyret i 6 år og bustadrådet i 3 år.

Tingbolken 1928-30 representerte han kjøpstadene Drammen, Hønefoss og Kongsberg på Stortinget, vald for Arbeidarpartiet. Han lukkast ikkje verte attvald til perioden 1931–33, men som 1. vararepresentant og møtte han ofte på Tinget i staden for representanten Torgeir Vraa. Nygaard kom innatt på Stortinget som fast representant frå 1934 og var tingmann til 1945. Alle åra hadde han sete i Skog- og vassdragskomitéen. Han var ordførar i Kongsberg kommune frå juli til desember 1945.

Kjelder endre