Andreas Romberg
Andreas Romberg (fødd 27. april 1767 i Vechta i Oldenburg, død 10. november 1821 i Gotha, Thüringen) var ein tysk komponist og fiolinist, søskenbarn av Bernhard Romberg. Andreas Romberg spelte ein fiolin av Antonio Stradivari.
Andreas Romberg | |||
| |||
Fødd | 27. april 1767 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vechta | ||
Død | 10. november 1821 (54 år) | ||
Dødsstad | Gotha | ||
Opphav | Fyrstbispedømmet Münster | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | komponist, fiolinist, dirigent | ||
Gift med | Anna Magdalena Romberg | ||
Born | Heinrich Romberg, Cyprian Romberg |
Biografi
endreAndreas Romberg kom frå ein musikalsk familie. Han lærte å spela fiolin av far sin, Heinrich Romberg, som var militærmusikar og spela både klarinett og fiolin. Andreas opptrådte offentleg første gongen som seksåring. I tillegg voks han opp saman med den jamgamle fetteren Bernhard Romberg, som spela cello, og i 1774 vart dei to fetrane for fyrste gong sett til å opptre saman under det falske namnet "dei yngre Romberg-brørne". Dei reiste også til Amsterdam for å halda konsertar, saman med Heinrich. Familien reiste på fleire turnear rundt om i Europa i oppveksten. I 1782 vart begge fetrane tilsette ved kapellet i Münster. Andreas Rombergs fyrste komposisjon, to soloar for fiolin, stammar frå dette året.
I 1790 vart Andreas Romberg medlem av hoffkapellet i Bonn med komponisten Andrea Luchesi som kapellmeister. Romberg oppheldt seg ved kapellet samtidig med den unge Ludwig van Beethoven. I 1793 fullførte Romberg her eit oratorium basert på Der Messias av Friedrich Gottlieb Klopstock. Same året flytte Romberg til Hamburg der han vart med i operaorkesteret. Ved denne operascenen vart Andreas Rombergs første opera, «Der Rabe» (Ramnen) urframført i 1794.
Etter å ha reist til Italia og Wien samt opphalde seg ein periode i Paris, slo Romberg seg ned i Hamburg, der han vart ein sentral figur i det lokale musikklivet. I 1815 overtok han etter Louis Spohr som konsertmeister ved hoffkapellet i Gotha i Thüringen. Her døydde han etter lang tids sjukdom i 1821.
Andreas Romberg komponerte både symfoniar, konsertar og andre orkesterverk, operaer, verdsleg og kyrkjeleg vokalmusikk, kammermusikk og lieder. Ein kronologisk bibliografi over verka etter Andreas Romberg vart utgjeven av Kurt Stephenson i 1938.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andreas Romberg» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2013.