Bernhard Romberg

tysk komponist

Bernhard Romberg (fødd 11. eller 12. november 1767 i Dinklage, død 13. august 1841 i Hamburg) var ein tysk cellist og komponist.

Bernhard Romberg

Statsborgarskap Storhertugdømmet Oldenburg
Fødd 13. november 1767
Dinklage
Død

13. august 1841 (73 år)
Hamburg

Yrke komponist, musikkpedagog, cellist
Språk tysk
Bernhard Romberg på Commons

Biografi endre

Bernhard Romberg kom frå ein svært musikalsk familie. Far hans spela både fagott og cello, men det er uklårt om unge Bernhard lærte cello av faren, eller av andre cellistar som familien kjende. Bernhard Romberg spela offentleg cello i Münster for fyrste gong som sjuåring. I tillegg voks han opp saman med den jamgamle fetteren Andreas Romberg, som spela fiolin, og i 1774 vart dei to fetrane for fyrste gong sett til å opptre saman under det falske namnet "dei yngre Romberg-brørne". Bernhard og Andreas Romberg reiste òg på turnéar i lag, m.a. til Amsterdam, Frankfurt og Paris. I Paris skal den franske komponisten François-André Danican Philidor ha blitt så imponert over gutane at han tok dei med for å treffa den vidgjetne fiolinisten Giovanni Battista Viotti. Dei vellukka konsertane i Paris gjorde også at dei fekk spela i Concert spirituel i 1785.

Bernhard Romberg vart fast tilsett ved kapellet i Münster i 1782, og i 1790 vart han medlem av hoffkapellet i Bonn, begge gongene saman med Andreas Romberg. I Bonn spela dei under kapellmeister Andrea Luchesi og fekk m.a. møta den unge Ludwig van Beethoven, som spela der samtidig med dei. Med Andreas Romberg og Franz Anton Ries på fiolin, Ludwig van Beethovenbratsj og Bernhard Romberg på cello, spela dei unge musikarane i kvartett i 1790-åra. Det finst også ein kjend anekdote om at Beethoven komponerte og dedikerte ein cellokonsert til Bernhard Romberg, men at Romberg nekta å ta imot fordi han utelukkande spela sine eigne verk. Det finst riktignok ingen belegg på dette.

I 1799 drog Bernhard Romberg på konsertreise til Spania. Seinare fekk han ei undervisningsstilling ved musikkonservatoriet i Paris fram til han vart medlem i det kongelege kapellet i Berlin. I 1820 reiste Romberg til Hamburg, der han budde fram til han døydde i 1841. Som komponist gav han ut tre symfoniar, fleire operaer, kammermusikk samt ei celloundervisning som har hatt stor tyding for ettertida.

Kjelde endre