Andreas Wist

norsk stortingsmann og læarar

Ole Andreas Wist (7. mars 184620. februar 1890) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Han representerte Venstre.

Andreas Wist
Fødd7. mars 1846
Død20. februar 1890
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Wist var son til ein gardbrukar på Sakshaug i Inderøy. 1865-68 var han huslærar og privatlærar. Folketeljinga frå 1865 viser at han var huslærar på garden Bragstad i heimbygda, ein av elevane på garden var Johannes Bragstad. År 1866 vart han seminarist frå Klæbu. I 1868 vart han tilsett styrar av ein privatskule i Steinkjer. Frå 1876 var han styrar av amtsskulen for Helgeland. Perioden 1881-85 var han samstundes redaktør av Nordlands Folkeblad. Han var medlem av heradsstyret og formannskapet i Mosjøen i mange år.

Wist var 3. representant frå Nordlands amtStortinget 1886-88, medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde i Mosjøen i 1890.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914