Andreja Grašič
Andreja Grašič, gift Andreja Koblar, (fødd 2. september 1971) er ein slovensk tidlegare skiskyttar fødd i Kranj i dåverande Jugoslavia. Ho var den fyrste utøvaren i skiskyting frå Slovenia som hevda seg mot verdseliten, ho vann eitt renn i verdscupen i kvar av sesongane 1996, 1997 og 1998. Ho er gift med Jernej Koblar, som deltok internasjonalt i alpine greiner.
Andreja Grašič | |
Statsborgarskap | Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia |
Fødd | 2. september 1971 (53 år) Kranj |
Idrett | skiskyting, langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002 |
Utmerkingar | Bloudek badge |
Aktiv
endreGrašič vart nummer seks på 7,5 km ved VM 1995 i Antholz og nummer fem på 15 km under Vinter-OL 1998 i Nagano. Mellom desse tevlingane vann ho tre tevlingar i verdscupen i skiskyting, alle på 15 km. Fyrste sigeren kom i Osrblie i Slovakia i 1996, deretter sigra ho på den komande OL-arenaen i Nagano i 1997, og til sist triumferte ho framfor svenske Magdalena Forsberg i Östersund.
År 1999 i Holmenkollen var Grašič ein av fire utøvarar som kjempa om VM-gullet på fellesstarten, men med fem strafferundar enda ho på fjerdeplassen, 2,1 sekundar bakom bronsevinnaren Magdalena Forsberg. Grašič vart sidan nummer sju på 15 km under VM i skiskyting 2001 i heimlege Pokljuka. Ho la opp i 2006.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- «Andreja Grašič» (på engelsk). olympedia.org. Henta 12. februar 2023.