Kranj
Kranj (tysk Krainburg) er den tredje største byen kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.
Kranj | |||
Krainburg | |||
by | |||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 350–406 m | ||
Areal | 148 km² | ||
Folketal | 37 553 (2017)[1] | ||
Postnummer | 4000 | ||
Retningsnummer | (+386) 04 | ||
Bilnummer | KR | ||
Kranj 46°14′20″N 14°21′20″E / 46.23887°N 14.35561°E | |||
Wikimedia Commons: Kranj |
Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.
Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://pop-stat.mashke.org/slovenia-cities.htm.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Prebivalstvo - izbrani kazalniki, naselja, Slovenija, letno». Henta 28. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Kranj» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.