Andrew Wakefield

britisk kirurg

Andrew Jeremy Wakefield (fødd 3. september 1956) er ein britisk tidlegare kirurg og forskar.

Andrew Wakefield

FøddAndrew Jeremy Wakefield
3. september 1956
Eton i Berkshire
NasjonalitetStorbritannia
Områdeforskningsjuks
Yrkelege, vaksinemotstander, filmprodusent, filmregissør, manusforfattar
InstitusjonarUniversity of Toronto
Royal Free Hospital
Johnson Center for Child Health and Development
Alma materSt Mary's Hospital Medical School
King Edward's School
SambuarElle Macpherson
MedlemThe European Forum for Vaccine Vigilance

Wakefield er mest kjend for den forfalska forskinga si på samanhengen mellom MMR-vaksine og autisme.[1][2] I 1998 publiserte han ein studie som viste ein klar slik samanheng, og dette førte til sterk vaksineskepsis i Storbritannia. Skepsisen spreidde seg også til mange andre land, mellom anna Noreg.[3]

Sjølv om ingen andre forskarar kunne replikera studien, blei ikkje svindelen avdekt før i 2004 då journalisten Brian Deer undersøkte saken. Han avdekka at Wakefield hadde forfalsket studen, og at han også hadde økonomiske motiv for å gjera dette.[4] Wakefield innrømma sidan å ha forfalska testresultat som skulle mistenkeleggjera vaksiner.[5] I 2010 blei Wakefield fåadømt retten til å praktisere som lege i Storbritannia.[6]

Som følgje av verksemda til Wakefield steig førekomsten av meslingar markant i Storbritannia, noko som førte til alvorleg sjukdom og død for nokre barn som ikkje var blitt vaksinerte.[7] Det fanst liknande tendensar internasjonalt, og i Sør-Afrika førte den irrasjonelle frykta for MMR-vaksinen til fleire hundre dødsfall blant barn som fekk meslingar.[8]

Trass i avsløringane har Wakefield halde fram med å ha mange tilhengjarar verda over, og skepsis mot MMR-vaksinen er framleis utbreidd.[9] Blant dei som har støtta Wakefield sin påstand om ein samanheng mellom vaksiner og autisme er Donald Trump.[10]

Den norske antroposofen Trond Skaftnesmo prøvde i boka Folkefiende å tilbakevisa anklagene mot Wakefield og meinte han var utsett for eit politisk komplott.[11]

I 2020 gav Brian Deer ut boka The Doctor Who Fooled the World ('Legen som forleda verden') der han avslørte korleis ein av dei næraste medarbeidarane til Wakefield hadde gjeve han innsideinformasjon om Wakefield og antivaksine-rørsla hans.[12]

Kjelder

endre