University of Toronto

University of Toronto (U of T, UToronto elle rToronto) er eit offentleg forskingsuniversitet i Toronto i Ontario i Canada, som ligg i Queen's Park. Det vart starta i 1827 som King's College, den første institusjonen for høgare utdanning i Øvre Canada. Det låg opphavleg under Den engelske kyrkja, og fekk det noverande namnet sitt i 1850 då det vart ein verdsdeleg institusjon. Det består av tolv college.

University of Toronto

MottoVelut arbor ævo, As a tree through the ages
Grunnlagt15. mars 1827
TypeOffentleg
StadToronto
Studentar95 055 (2020), 27 651 (1. september 2021)
MedlemskapDigital Library Federation, Association of Research Libraries, arXiv, ORCID, Center for Research Libraries
Nettstadhttp://www.utoronto.ca/ (engelsk)

Akademisk er University of Toronto kjend for viktige rørsler og fagkrinsar innan litteraturkritikk og kommunikasjonsteori, kjend som Toronto-skulen. Universitetet var opphavsstaden insulin- og stemcelleforsking, og det første praktiske elektronmikroskopet låg her, utviklinga av multi-touch-teknologi, identifiseringa av Cygnus X-1 som eit svart hol, og teorien om NP-fullstendigheit. Universitetet får klårt størt økonomisk støtte til forsking av alle dei kanadiske universiteta. Det er eit av to medlemmar av Association of American Universities som ligg utanfor USA.

Varsity Blues er idrettslaga som representerer universitetet og er særleg knytt til amerikansk fotball og ishockey.

University of Toronto har utdanna to generalguvernørar og fire statsministrar i Canada, fire utanriksministrar, fjorten høgsterettsdommarar og vore tilknytt ti Nobelprisar. Universitetet er rangert på 21. plass i verda på Times Higher Education World University Rankings, 27. plass på Academic Ranking of World Universities og 19. plass på QS World University Rankings.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: University of Toronto