Andrew White
Andrew White (fødd 6. september 1942) er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, musikkforskar og forleggar. Han speler særleg jazz og R'n'B på saksofon, obo og bass.
Andrew White | |||
Heime i Washington, DC i 2010 | |||
Fødd | 6. september 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Washington, District of Columbia, U.S. | ||
Død | 11. november 2020 | ||
Dødsstad | Washington | ||
Fødenamn | Andrew Nathaniel White III | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960 til i dag | ||
Sjanger | Hard bop, jazz, avant-garde | ||
Instrument | Saksofon, obo, kontrabass, piano | ||
Tilknytte artistar | JFK Quintet | ||
Plateselskap | Riverside Records, Andrew's Music | ||
Verka som | Låtskrivar, musikar, artist, poet, tekstforfattar, komponist, plateprodusent, |
Biografi
endreWhite var fødd i Washington, D.C., og voks opp i Nashville i Tennessee. Han kom attende til Washington, D.C. i september 1960 for å studere ved Howard University. Han var ferdig der i juni 1964 med ein bachelor i musikk. Han studerte så ved Musikkonservatoriet i Paris i Frankrike.
Som saksofonist byrja White å spele jazz i september 1960 i J.F.K. Quintet.[1] (1961-63). Han spelte seinare med Kenny Clarke (1965), Otis Redding (1967), McCoy Tyner (1970), Elvin Jones (1980-81), Beaver Harris (1983), The Julius Hemphill Saxophone Sextet (1987), The Six Winds Dutch Saxophone Sextet (1999), og i sin eigen Andrew White's ZORROSAX ALLSTARS, saksofonsekstett (2002), i tillegg hundrevis av spelejobbar med andre artistar.
Som bassist spelte White hovudsakleg med Stevie Wonder, frå 1968 til august 1970, samstundes som han spelte obo i American Ballet Theatre Orchestra. Han var òg bassist for The 5th Dimension, frå 1970 til 1976. Han spelte bass i jazzfusiongruppa Weather Report på albumet Sweetnighter, spelt inn i januar 1973 på Columbia Records.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andrew White» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- American International Artists Arkivert 2006-08-18 ved Wayback Machine.