Andrus Veerpalu (fødd 8. februar 1971) er ein estisk tidlegare langrennsløpar. Veerpalu gjekk for skiklubben Skiclub Joulu, og debuterte i verdscupen 12. desember 1992 i Ramsau.

Andrus Veerpalu


Statsborgarskap Estland
Fødd 8. februar 1971 (53 år)
Pärnu
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 2010, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 15 kilometre classical, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 15 kilometre classical, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 50 kilometre classical, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2009
Utmerkingar Holmenkollmedaljen, 1. klasse av Den hvite stjernes orden, 1. klasse av Estlands Røde Kors' orden, Estonian Athlete of the Year, Decoration of the Estonian Olympic Committee

Andrus Veerpalu vart tildelt Holmenkollmedaljen i 2005.

Dopingsak i 2011

endre

Veerpalu avgav ein positiv dopingprøve under trening i Otepää framfor Ski-VM i Oslo 2011. Han testa positiv for veksthormonet HGH. Då det estiske skiforbundet fekk beskjed om dopingsaka bad dei om at FIS ikkje offentleggjorde noko før etter VM, noko FIS gjekk med på. Veerpalu sende så ut ei pressemelding om at han grunna skade ikkje kunne tevle i VM og at han la opp. Først i april, etter mykje spekulasjonar i estisk media, gjekk det estiske skiforbundet og Veerpalu ut og melde om den positive dopingtesten. Veerpalu nekta for å ha dopa seg, og han og det estiske skiforbundet la fram fleire grunnar til at dei meinte at dopingtesten måtte vere feil. Mellom anna meinte dei at Veerpalu hadde ein mutasjon som gjorde at han hadde mykje høgare naturleg veksthormonnivå i blodet like etter trening enn det andre har. FIS utestengde han likevel frå langrennssporten for tre år. Veerpalu har anka saka inn for CAS.[1]

Merittar

endre

Olympiske Vinterleikar

Ski-VM

Verdscupen

  • 6 sigrar
  • 1 andreplass
  • 3 tredjeplassar

Referansar

endre
  1. Chealse Little: «How Andrus Veerpalu’s Doping Case Turned into a Mudfight», arkivert frå originalen 13. oktober 2011, henta 3. oktober 2011