Andrzej Badeński

Andrzej Stanisław Badeński (10. mai 194328. september 2008) var ein polsk sprintar frå Warszawa som i 1966 vart europameister i 4 x 400 m stafett. Individuelt vann han i 1964 OL-bronse og i 1966 EM-sølv på 400 meter.

Andrzej Badeński


Statsborgarskap Polen
Fødd 10. mai 1943
Warszawa
Død

28. september 2008 (65 år)
Wiesbaden

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1964

Aktiv

endre

Badeński kom på sjetteplass på 400 meter i sin internasjonale meisterskapsdebut ved EM i friidrett 1962. To år seinare vann han bronsemedaljen på distansen under dei olympiske sommarleikane i Tokyo, nummer seks i 4 × 400 meter stafett med det polske laget. Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 tok han sølvmedalje på 400-meteren, bak landsmannen Stanisław Grędziński. Saman med Jan Werner, Edmund Borowski og nemnde Gredziński syrgde han for polsk triumf i 4 x 400 m stafett.

Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart Badeński nummer sju på 400 meter og kom på fjerdeplass i 4 × 400 meter stafett. Same plasseringa fekk det polske stafettlaget ved Friidretts-EM i Aten hausten 1969. På spesialdistansen vart Badeński nummer 6. Både i EM i friidrett 1971 og under dei olympiske leikane i 1972 vart han slått ut i semifinalen på 400 meter, men han og Polen vann ein sølvmedalje i Helsinki-EM i 4 x 400 m stafett og enda på femteplassen i München-OL i same øvinga.

Badeński vann 400-meteren ved innandørs-EM 1968 i Madrid og 1971 i Sofia. I tillegg triumferte han med Polens mannskap på den lange stafetten i innandørs-EM 1968, 1969, 1971 og 1972. Badeński var polsk meister på 400 meter i 1962, 1963, 1964, 1965 og 1967. Sitt livs beste 400 meter på 45,42 sekund sprang han i 1968.

I 1974 flytta han til Vest-Tyskland og budde der resten av livet.

Kjelder

endre