Anette Gilje
Anette Gilje (fødd 17. juni 1969) er ein norsk artist, låtskrivar og forfattar.
Anette Gilje | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juni 1969 (55 år) Stavanger kommune |
Yrke | skribent |
Diplomøkonom
endreGilje er utdanna diplomøkonom ved Handelshøyskolen BI. Ho var leiar for Noregs Bedriftsøkonomiske Studentforbund og var vara i styret til BI-stiftelsen. Seinare var ho stipendiat i endringsleiing gjennom STILO (Statskonsult/Administrasjonsdepartementet).
ME-pasient og -aksjonist
endreGilje var hovudperson i filmen Få meg frisk! av regissør Pål Winsents, produsert av Mediamente. Filmen vart vist på NRK.
Ho var generalsekretær i Noregs ME-samskipnad i perioden 2011–2013.[1]
Som aksjonist for ME-saka (myalgisk encefalopati) har Gilje engasjert seg i den globale pasientaksjonen #MillionsMissing.[2]
Forfattar og forlegg
endreForlaget Gode bøker vart starta av Gilje i 2018, og ho gav ut barneboka Høyt og Lavt, Før og Nå av forfattar Trude Brænne Larsen og illustratør Anders F. Kaardahl. Ho gav òg ut barnealbumet med same namn på plateselskapet sitt Fonogram, med tekster av Ingvar Hovland og tekst/musikk av Hege Bålsrød.
Musikk
endreHo gav ut debutalbumet Stille sanger på sitt eige plateselskap, Fonogram, i 2017. Albumet er seinare òg gjeve ut på engelsk, tysk, spansk og teiknspråk (www.tegn.tv). Lars Martin Myhre er musikar og produsent på albuma som er spelt inn i studio hos Jon K. Rosslund.
Bibliografi
endre- Da Anker kom i Ørefellingen, Gyldendal Tida (1999)
- Venner og sånn..., Luther Forlag - fekk Emmausprisen for beste norske bok for barn/ungdom i 2002
- Sven O. Høiby - et portrett, Gyldendal Norsk Forlag (2007)
Musikkutgjevingar
endre- Stille sanger (Fonogram 2017)
- Songs of Silence (Fonogram 2018) - gjendikta til engelsk av Mike McGurk
- Leise Lieder (Fonogram 2018) - gjendikta til tysk av Nora Pröfrock
- Canciones Serenas (Fonogram 2018) - gjendikta til spansk av Juan Gutiérrez-Maupomé
- Lavmælt Jul (Fonogram 2018)
- A Just Noel (Fonogram 2018) - gjendikta til engelsk av Mike McGurk
- Weihnachtswunsch (Fonogram 2018) -gjendikta til tysk av Nora Pröfrock
- Navidad Silenciosa (Fonogram 2018) - gjendikta til spansk av Rita Paola Diaz Lopez
- Kanskje var det det du ville (Fonogram 2018)
- Maybe This Is How You Planned It (Fonogram 2018) - gjendikta til engelsk av Mike McGurk
- Hattest du das so im Sinn (Fonogram 2018) - gjendikta til tysk av Nora Pröfrock
- Es Así Como Lo Has Querido (Fonogram 2018) - gjendikta til spansk av Juan Gutiérrez-Maupomé
- Fredag før pinse (Fonogram 2019)
- Hinna (Fonogram 2019)
- Fire sanger (Fonogram 2020)
Kjelder
endre- ↑ «Generalsekretær Anette Gilje slutter», ME-foreningens nettsider 21. mars 2013[daud lenkje]
- ↑ «About #MEAction - #MEAction Network». meaction.net. Henta 16. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Anette Gilje» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2021.