Angela Merici (21. mars 147427. januar 1540) var ei italiensk nonne og ordensgrunnleggjar av ursulinarane. Ho er rekna som som helgen i den katolske kyrkja, der ho har helgendag den 27. januar.

Angela Merici

Fødd21. mars 1474
FødestadDesenzano del Garda
Daud27. januar 1540
DødsstadBrescia
Yrkenonne
Helgendag27. januar

Biografi endre

Angela Merici var fødd i Desenzano del Garda i Brescia. Ho blei foreldralaus då ho var ti år gammal, og hadde berre ei syster frå den næraste familien att. Ein slektning i Salo tok hand om jentene. Snart døydde også systera; dette fann stad så raskt at ho ikkje kunne få viaticum (nattverd for døyande), noko som uroa Angela Merici mykje. Ho gjekk inn i fransiskanarane sin tredje orden i Salo før ho var fylt 20. Etter at slektningen hennar i Salo også døydde, flytta ho tilbake til heimstaden sin, der ho opna heimen sin som ein jenteskule. Suksessen hennar med dette førte til at byen Brescia ba henne om å oppretta ein annan skole der, noko ho gjorde. I 1524 drog ho på pilgrimsferd til Det heilage landet, men blei blind under reisa dit. Det blir fortald om henne at synet kom tilbake til henne gjennom eit mirakel. Etter besøket i Jerusalem drog ho til Roma for å få avlat, og blei beden av paven om å bli verande, men kallet hennar skal ha fordoe dette. Tillbaka i Brescia, den 25. november 1535, grunnla ho ursulinarordenen ved å velja ut tolv av elevane sine. Ordenen har heilage Ursula som vernehelgen.

Angela Merici døydde i Brescia. Ho er gravlagd i St. Afrakyrkja i byen, ikkje langt unn huset der dei fyrste ursulinarane budde. Pave Pius VII helgenerklærte henne i 1807. Før heilagkåringa blei kista hennar opna, og kroppen hennar skal ha verka urørt av tida.

Ein kommune i Quebec, Sainte-Angèle-de-Mérici, er oppkalla etter henne.

Kjelder endre