Angelica

kvinnenamn
(Omdirigert frå Angelika)

Angelica eller Angelika er eit latinsk kvinnenamn som tyder 'som ein engel'. Det er ei hokjønnsform av angelicus, 'engleaktig', som igjen er avleia av angelus, «engel». Dette ordet har igjen gjeve namnet Angela.

Sjølvportrett av Angelika Kauffmann.

Angelica har gjeve opphav til det franske namnet Angélique og er i slekt med det danske namnet Engelke.

Kjende namneberarar endre

Andre tydingar endre

Angelica er ei slekt i skjermplantefamilien. Namnet på slekta kjem truleg frå kvann, som tidlegare blei kalla herba angelica, engleurten.

Angelica er òg namnet på ein søt, gul likør av baskisk opphav. Han er laga av kvitvin tilsett brennevin, og kan minna litt om portvin.

Bakgrunnsstoff endre