Angelika Kauffmann

Angelika Kauffmann (30. oktober 17415. november 1807) var ein kunstmålar frå Chur i Graubünden, i dag ein del av Sveits. Ho var ein mykje omtykt kunstmålar innanfor portrett- og historiemåleri. Kauffmann måla i ein nyklassisistisk stil og følgde nøye samtidas akademiske ideal.

Angelika Kauffmann

Sjølvportrett, 1784
Statsborgarskap Sveits, Three Leagues
Fødd 30. oktober 1741
Chur, Sveits
Død

5. november 1807 (66 år)
Roma, Austerrike

Yrke kunstmålar, grafikar, kunstnar, biletkunstnar
Sjanger portrettmåleri, historiemåleri, nyklassisismen
Medlem av Royal Academy of Arts
Far Joseph Johann Kauffmann
Ektefelle Antonio Zucchi
Signatur
Angelika Kauffmann på Commons
'Venus overtalar Helena til å fylgje Paris', 1780

Kauffmann gjekk i lære hos faren Joseph Kauffmann, ein fattig, flink kunstmålar som var ein bra lærar. Allereie som tolvåring var ho ein namngjeten portrettmålar og hadde biskopar og adelsmenn som kundar. Gjennom tenåra vitja ho Italia i lange periodar, der ho fekk vellæte både som person og som kunstnar.

Midt på 1760-talet flytta Kauffmann til England. Også i England vart ho ein omtykt kunstnar. I 1768 var ho ein av dei som vart medlem då Royal Academy of Arts vart danna. Den engelske målaren Joshua Reynolds vart ein av hennar næraste vener.

1767 gifta ho seg med den svensk greven Fredrik Horn. Han viste seg vere ein ekteskapssvindlar som brått forsvann med alle oppsparte midlar. Reynolds hjelpte då til slik at ho lukkast få den anglikanske kyrkja til å erklære ekteskapet for ugyldig.

Kauffmann gifta seg i 1781 med den italienske målaren Antonio Zucchi. Året etter flytta paret til Roma. Heimen deira vart ein møtestad for kunstnarar, intellektuelle og adelsfolk. Keisar Josef II, forfattarane Goethe og Herder, arkeologen Johann Joachim Winckelmann og hertuginna Anna Amalia av Braunschweig-Wolfenbüttel var mellom dei som gjesta dei.

Kauffmann døydde i Roma, og er gravlagd i kyrkja Sant'Andrea delle Fratte der i byen.

Utstillingar

endre
  • Retrospektive Angelika Kauffmann (270 works, c. 450 ill. ), Düsseldorf, Kunstmuseum (Nov. 15th 1998 - Jan. 24th 1999); München, Haus der Kunst (Febr. 5th - April 18th 1999); Chur, Bündner Kunstmuseum (May 8th - July 11th 1999)

Kjelder

endre

Bibliografi

  • Bettina Baumgärtel (red.): Retrospective Angelika Kauffmann, Exh. Cat. Dusseldorf, Kunstmuseum; Munich, Haus der Kunst, Chur, Bündner Kunstmuseum, Ostfildern, Hatje 1998, ISBN 3-7757-0756-5.
  • Angelica Kauffman Research Project: Forthcoming catalogue raisonné by Bettina Baumgärtel

Bakgrunnsstoff

endre