Angel's Egg

(Omdirigert frå Angels Egg)
Angel's Egg
Studioalbum av Gong
Språk engelsk
Utgjeve 7. desember 1973
Innspelt August 1973 i Frankrike med Manor Mobile
Sjanger Progressiv rock, space rock, psykedelisk rock[1]
Lengd 45:14
Selskap Virgin
Produsent Gong, Giorgio Gomelsky
Gong-kronologi 
Flying Teapot
(1973)
Angel's Egg You
(1974)


Angels Egg er det fjerde studioalbumet til den progressive rockegruppa Gong, gjeve ut på Virgin Records i desember 1973.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Det vart spelt inn ved hjelp av Manor mobile studio i fellesheimen til Gong, Pavillon du Hay i Voisines i Frankrike og miksa i The Manor i Oxfordshire i England. Albumet vart produsert av «Gong under rettleiing av Giorgio Gomelsky».

Angels Egg er det andre albumet i trilogien Radio Gnome Invisible, etter Flying Teapot og før You. Trilogien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Den originale albumtittelen hadde ikkje ein apostrof i tittelen.

Den originale vinylutgåva kom med eit hefte som i større grad forklarte mytologien, inkludert tekstar, ei ordliste og omtalte av karakterane i soga og bandmedlemmane. Denne utgåva hadde òg eit dobbeltfalsa omslag (som dei seinare utgåvene ikkje hadde).

CD-utgåva på Virgin Records, og den seinare nyutgjevinga på Charly Records inneheld eit ekstra spor: «Ooby-Scooby Doomsday or The D-day DJ's Got the D.D.T. Blues», som endar med eit mannskorglissando (truleg ein parodi på Pink Floyd sin «Echoes»), og byrjar med «Ahhhh» og endar med «Chooo», som eit nys.

Innhald

endre
Side ein (Yin / Side of the Goddess)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Other Side of the Sky»Tim Blake, Daevid Allen7:38
2.«Sold to the Highest Buddha»Mike Howlett, Allen3:10
3.«Castle in the Clouds»Steve Hillage1:13
4.«Prostitute Poem»Gilli Smyth, Hillage6:05
5.«Givin My Luv to You»Allen0:42
6.«Selene»Allen3:42
Side to (Yang / Side of the Fun Gods / The Masculaing Side)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Flute Salad»Didier Malherbe2:46
8.«Oily Way»Allen, Malherbe3:01
9.«Outer Temple»Blake, Hillage1:09
10.«Inner Temple»Allen, Malherbe3:21
11.«Percolations»Pierre Moerlen0:40
12.«Love is How U Make It»Moerlen, Allen3:25
13.«I Never Glid Before»Hillage5:37
14.«Eat That Phone Book Coda»Malherbe3:10
Total lengd:45:14
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
15.«Ooby-Scooby Doomsday or The D-Day DJs Got the D.D.T. Blues»Allen5:09

Den instrumentale delen på slutten av «Sold to the Highest Buddha» vert omtalt som «6/8 sax» i plateomslaget, og vart eit eige stykke kalla «6/8» på Gong Live Etc. «Selene» er ein heilt annan song enn den med same tittelen på eit tidlegare Gong-album, Camembert Electrique.

Seinare CD-utgåver ha fleire bonusspor, inkludert demoversjonar.

Medverkande

endre

Merk: Pseudonyma er valde ut av Daevid Allen og står oppført i plateomslaga. Dei verkelege namna er synt i parentes.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre