Anita Apelthun Sæle

norsk politikar

Anita Apelthun Sæle (fødd 13. desember 1951 i Fjell) er ein norsk KrF-politikar.

Anita Apelthun Sæle
Fødd13. desember 1951 (72 år)
Fjell kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
EktefelleFinn Jarle Sæle
BarnØrjan Sæle
Alle verv

Ho er utdanna med fagbrev i kontorfag 1970, Økonomisk gymnas 1973, Kristendom grunnfag, Universitetet i Oslo 1975. Handelshøgskolen BI 1990. Sæle har sidan 1971 vore gift med Norge idag-redaktør Finn Jarle Sæle. Saman har dei fire born, blant annan forretningsmannen Finn Ørjan Sæle og nettredaktør Trude Sæle (f. 1972).

Politikk endre

Ho sat på Stortinget frå Hordaland frå 1993 til 2005 og vararepresentant i periodane 1981–1993. Føre stortingsvalet i 2005 tapte ho kampen om 2. plassen på Hordaland KrFs liste til fordel for Laila Dåvøy. Frå 2006 til 2008 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis Kvinner, med fast plass i KrFs sentralstyre. Frå 2006 studerte ho leiing ved BI i Bergen.[1]

I samband med kommune- og fylkestingvalet i 2007, freista ho å verta KrFs ordførarkandidat i Fjell kommune i Hordaland, men utan å lukkast blant sine eigne i nominasjonskampen.[2]

Etter at ho vart vraka frå KrF si liste i 2005, gjorde einskilde småparti forsøk på å få henne til å stilla for dei, blant dei Kristent Samlingsparti og Kystpartiet. Desse avviste ho.

Sæle tilhøyrer den konservative fløya av KrF og har i tråd med dette markert seg med restriktivt syn på tradisjonelle merkesaker som motstand mot abort, assistert befruktning, alkohol, partnerskapsloven og felles ekteskapslov.[3] Ho reknar seg òg som «bibeltru» og som ein «Israel-ven» og har delteke i fleire støttemarkeringar for Israel og dei krigane landet har vore involvert i. Ho har òg teke til orde for å flytta den norske ambassaden i Israel til Jerusalem.[4]

Ho var på slutten av 1990-talet involvert i kjedeforretningen Nature's Own. Etter at Justisdepartementet i 1998 fastslo at firmaet var ein ulovleg kjedeforretning vart det sett fram påstandar om at ho var involvert i ulovleg pyramidespel.[5] Sæle hevda sjølv at ho berre var kunde for selskapet og ikkje distributør.[6] Ho har sete i kretsstyret til Blå Kross i Bergen og er nestleiar i Hordaland Nei til Eu sidan 2005.

Stortinget endre

Kjelder endre

  1. Line Torvik, Marianne Johansen, Ingunn Andersen (16. februar 2006). «Får ventelønn - er student». VG. Henta 7. juni 2007.  «[…] Hun tar en bachelorgrad i ledelse på BI og har fått innvilget ventelønn for hele 2006.»
  2. NTB (27. februar 2007). «Vraket Anita Apelthun Sæle». VG. Henta 7. juni 2007. 
  3. «Mot homser, abort og alkohol».
  4. «Hvem har krav på Jerusalem?
  5. «Familien Sæle - et lite stykke Norge».
  6. «Nature's Own brøt loven».

Bakgrunnsstoff endre