Anjar
- Må ikkje forvekslast med Majdal Anjar.
Anjar (arabisk عنجر, armensk Անճար, tyder «uløyst eller rennande elv»), òg kalla Haoush Mousa (arabisk حوش موسى, Ḥawsh Mūsá), er ein by i Libanon i Bekaadalen. Innbyggjartalet er 2 400,[1] og består nesten utelukkande av armenarar. Det samla areal eter kring 20 kvadratkilometer. Om sommaren aukar innbyggjartalet til 3 500.
Anjar | |||
عنجر, Անճար | |||
by | |||
Ruinar av omajadebyen Anjar
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Zahle distrikt | ||
Koordinatar | 33°43′33″N 35°55′47″E / 33.72583°N 35.92972°E | ||
Areal | 20 km² | ||
Folketal | 2 400 | ||
Borgarmeister | Garo Pamboukian | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Verdsarvstad | |||
Kriterium | iii, iv | ||
Anjar 33°43′33″N 35°55′47″E / 33.725833333333°N 35.929722222222°E | |||
Kart som viser Anjar.
| |||
Wikimedia Commons: Anjar |
Historie
endreByen vart grunnlagd av omajade-kalifen al-Walid I på byrjinga av 700-talet, som ein palassby. Historikaren Jere L. Bacharach hevdar det var sonen til al-Walid, Al-Abbas, som grunnla Anjar, kring 714. Han siterer den bysantinsk-greske historikaren Theofanes bekjennaren som skreiv at al-Abbas bygde byen. Sjølve bygginga vart gjort av arbeidarar frå Anatolia og koptiske handverkarar frå Egypt.[2]
Etter å ha stått tom i seinare år, vart Anjar busett på ny i 1939 med fleire tusen armenske flyktningar frå Musa Dagh-området i Tyrkia. Nabolaga i landsbyen er kalla opp etter dei seks landsbyane i Musa Dagh: Haji Habibli, Kebusiyeh, Vakif, Kheder Bek, Yoghunoluk og Bitias. Det syriske forsvaret valde Anjar som ein av hovudbasane sine i Beqaadalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anjar, Lebanon» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bacharach, Jere L. (1996). «Marwanid Omajadane Building Activities: Speculations on Patronage». I Necipoğlu, Gülru. Muqarnas: An Annual on the Visual Culture of the Islamic World 13. Leiden: BRILL. s. 27–44. ISBN 90-04-10633-2.
- ↑ ANJAR: Demografi
- ↑ Bacharach (1996), s. 34.