Ann Helen Rinden (fødd 27. august 1976) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Åmdals Verk i Tokke kommune. Perioden 1998-2003 vart ho åtte gongar noregsmeister på sprintdistansar: to gongar på 100 meter, tre gongar på så vel 200 m som 400 m. Rinden var medlem i Åmdal Idrettslag.

Ann Helen Rinden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1976 (47 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Rinden sanka 8 gullmedaljar, 4 sølvmedaljar og 2 bronsemedaljar i noregsmeisterskap i åra frå 1997 til 2003. Ho sette personleg rekord på 400 meter med 53,75 sekund då ho sigra ved NM 1999 på Byrkjelo. Året etter presterte ho livsbeste på 100 meter med 11,72 sekund i nederlandske Woerden den 24. juni. I løpet av tre NM-dagar midt i august 2000 sprang ho inn til gullmedalje på 200 m, 100 m og 400 m. 8. juli 2001 i Drammen fekk ho notert si bestetid på 200 meter med 23,83 sekund.

I åra kring 2000 kappast Rinden med to år eldre Marit Nyberg Birknes om å vere den beste kvinne-sprintaren i Noreg. Sjølv var Rinden hakket sterkare på 200 m enn 100 m, for konkurrenten var det omvendt.

Ann Helen Rinden er gift med Gaute M. Gundersen.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1997 i Overhalla: Sølvmedalje på 100 m, bronse på 100 m
  • 1998 i Askøy: Gullmedalje på 200 m og 400 m, sølv på 100 m
  • 1999Byrkjelo: Gullmedalje på 400 m, sølv på 100 m og 200 m
  • 2000 på Steinkjer: Gullmedalje på 100 m, 200 m og 400 m
  • 2001 i Drammen: Gullmedalje på 200 m, bronse på 100 m
  • 2003 i Fredrikstad: Gullmedalje på 100 m

Kjelder endre