Ann Radcliffe (9. juli 17647. februar 1823) var ein engelsk forfattar, kjent som ein av pionerane for den gotiske romanen, særleg den kvinnelege.

Ann Radcliffe

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 9. juli 1764
Holborn
Død

7. februar 1823 (58 år)
London

Yrke romanforfattar, skribent
Sjanger gotisk litteratur, gotisk roman
Far William Ward
Mor Ann Oates
Ektefelle William Radcliffe
Ann Radcliffe på Commons

Ann Radcliffe var fødd i Holborn i London som den einaste dottera til William og Ann Ward. 22 år gammal blei ho gift med journalisten og redaktøren William Radcliffe. Samlivet var barnlaust, og Ann blei oppmuntra av mannen til å byrja å skriva forteljingar.

I 1789 gav ho ut romanen The Castles of Athlin and Dunbayne. Her slo ho an tonen for mykje av den seinare forfattarskapen sin: ei uskyldig, men heroisk ung kvinne finn seg sjølv i ei skummel borg der det bu ein endå meir mysteriøs baron med ei mørk fortid.

Forteljingane til Radcliffe blei særs populære blant den engelske overklassa og den veksande middelklassa, særleg hjå kvinner. Seinare romanar omfattar A Sicilian Romance (1790), The Romance of the Forest (1791), The Mysteries of Udolpho (1794) og The Italian (1796). I 1795 gav ho ut reiseskildringa A Journey Through Holland and the Western Frontier of Germany

Ann Radcliffe sine romanar blei sjangerdannande for den romanforma som er blitt kalla den gotiske. Radcliffe sjølv hadde førstehands kjennskap til det engelske landskapet og herregardane der. Ei av dei sterke sidene hennar er miljøskildringane. Ho viser òg ei imponerande evne til å la det mysteriøse og overnaturlege falla innanfor grensene av det som kan forklarast naturleg. Mange av dei som etterlikna henne på 1800-talet hadde ikkje same sikre evne til miljøskildring og plott, slik at mykje av den gotiske fiksjonsprosaen ytrar seg som banaliserte versjonar av Radcliffe, med usannsynligheiter og skrekkeffektar.

Bibliografi (utval) endre

Romanar endre

  • The Castles of Athlin and Dunbayne (1789)
  • A Sicilian Romance (1790)
  • The Romance of the Forest (1791)
  • The Mysteries of Udolpho (1794)
  • The Italian (1797)
  • Gaston de Blondeville (posthumt, 1826)

Essayistikk endre

  • On the Supernatural in Poetry (posthumt, 1826)

Innverknad på seinare forfattarar endre

I Maria Edgeworth sin roman Belinda (1801), noterer lady Delacour om Clarence Hervey sine brev, «Here, my love, if you like description… here is a Radcliffean tour along the picturesque coasts of Dorset and Devonshire.» Ho er også nemnd av Victor Hugo i Les Misérables (De elendige).☃☃

Den franske forfattaren Paul Féval (père) nytta forfattaren Radcliffe som ein av dei litterære figurane sine i romanen La Ville Vampire (1867). Tilsvarande er Radcliffe portrettert i filmen Becoming Jane (2007) av Helen McCrory der ho møter Jane Austen og oppmuntrar henne til å forfølgja ein karriere som forfattar. Det finst ingen historiske bevis for eit slikt møte, sjølv om verka til Radcliffe tydeleg har hatt ein innverknad på Austen si litterære utvikling.[1][2]

Radcliffe påverka:

Referansar endre

  1. «Comparing Jane Austen's Northanger Abbey to Ann Radcliffe's Mysteries of Udolpho», arkivert frå originalen 28. april 2015, henta 13. oktober 2020 
  2. Swann, Mandy: «A Moderate Sensibility: The Similar Lives and Writings of Jane Austen and Ann Radcliffe», Academia.edu
  3. Rogers, Samuel (1969): Balzac and the Novel, Octagon Books, s. 21

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ann Radcliffe
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ann Radcliffe
 

Originaltekst av Ann Radcliffe ved Wikisource.