Annalar (av latin annales , frå annus, 'år') er nedteikningar frå eldre tider som fortel kort om hendingar frå år til år.[1]

Eit eksempel på utgjevinga av danske krøniker. Her første permen av Lejrekrøniken utgjeve av Martin Clarentius Gertz i Scriptores minores historiæ Danicæ medii ævi.

Annalar blir òg kalla 'årbøker', men dette kan også vera ei nemning for moderne tidsskrift

Annalar i klassisk tid endre

I mange tilfelle har historieskriving hatt form av annalar. Gamle kinesarar , egyptarar, assyrarar og persarar skreiv til dømes annalar. Hos romarane førte prestane annalar, og særleg dei som blei førte av pontifex maximus var høgt verdsette. Korte årboksoppteikningar kan ein òg finna hjå seinare historieskrivarar som Livius, og då ein meir verdsleg historieskriving tok til rundt tida til den andre puniske krigen (Quintus Fabius Pictor), var framstillinga òg annalistisk. Etter at den romerske historieskrivinga hadde utvikla seg til litteratur med ein nesten episk karakter, kom annalforma tilbake, og heldt seg gjennom mellomalderen.

Annalar i mellomalderen endre

Annalane blei ofte ført av munkar. Dei blei skrivne på til tider svært avvikande former av latin, og i seinmellomalderen gjekk oppteikningane etterkvart over til å bli skrivne på dei lokale språka. Desse annalane er ofte hovudkjelder for historia gjennom fleire hundreår. Derfor vart dei tidleg utgjeve med stor omhu.

Dei eldste annalane i Danmark blei skrivne på 1100-talet, men dei fleste stammar frå 1200- og 1300-talet. Deretter opphøyrer dei nesten med eitt. Ein kjenner så godt som aldri forfattaren av annalane, og forma utelukkar òg eit sterkt individuelt preg. Høgst kan ein finna fram til det klosteret der annalen blei skriven. Enkelte ser likevel ikkje ut til å vera forfatta av munkar, som Valdemarårbogen, ein særs fyldig annal som handlar om Valdemar Sejr og stammar frå Valdemar Atterdags tid. Rydårbogen, som er skriven på Ryd Kloster i Sønderjylland, er gjennomsyra av ein sterk antipati mot alt tysk.

Nyare utgjevingar av annalar endre

Då den historiske interessa vakna i Danmark i reformasjonstida, oppsøkte ein annalane frå mellomalderen att og forfatta nye på same grunnlag. Historikaren Arild Huitfeldt si store danmarkskrønike er sett opp reint annalistisk.

I Sverige byrja skrivinga av annalar først midt på 1200-talet. Litt seinare utvikla det seg ei fyldig annalistisk historieskriving på Island, der forma avløyste sagaene. Desse annalane tek også for seg norsk historie.[1]

Dei danske annalane blei først utgjevne av Jacob Langebek (Scriptores rerum Danicarum) og er seinare utgjevne av Erik Kroman. Dei svenske er utgjevne i Scriptores rerum Svecicarum, og dei islandske er utgjevne av Gustav Storm i 1888.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «annaler». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018. 

Litteratur endre

  • Erik Kroman (udg.): Danmarks middelalderlige annaler, Selskabet for Udgivelse af Kilder til dansk Historie: København 1980 ISBN 87-7500-138-1