Annapurna II
Annapurna II | ||
---|---|---|
Annapurna II til høgre og Annapurna IV til venstre. Sett frå sørvest. | ||
Høgd over havet | 7 937 m | |
Område | Nepal | |
Fjellområde | Annapurna Himal, Himalaya | |
Dominans | 30,5 km → Annapurna I | |
Skardhøgd | 2 439 m | |
Koordinatar | 28° 32′ 17″ N, 84° 8′ 6″ AKoordinatar: 28° 32′ 17″ N, 84° 8′ 6″ A | |
| ||
Førsteklatring | Chris Bonington, Ang Nyima og Richard H. Grant, 17. mai 1960 | |
Normalrute | Høgfjellstur | |
Annapurna II sett frå nord |
Annapurna II er med ei høgd på 7 937 m det sekstande høgste fjellet på jorda og den nest høgste sjølvstendige toppen på massivet Annapurna Himal i Himalaya i Nepal. Hovudtoppen på massivet er det 8 091 m høge Annapurna I.
Saman med det 6 983 m høgd Lamjung Himal markerer Annapurna II den austlege enden av hovudkammen til Annapurna Himal. Nabo i aust er Manaslu (8 163 m), i vest grensar Annapurna Himal til dalen Kali Gandaki. På andre sida av denne «djupaste dalen på jorda» ligg Dhaulagiri (8 167 m).
Ein engelsk ekspedisjon forsøkte å klatre toppen allereie i 1957. Førsteklatringa skjedde i 1960, då Chris Bonington, Ang Nyima og Richard H. Grant kom seg opp over vestegga. Toppen har vore lite klatra sidan, men i 2008 gjennomførte Philipp Kunz den første vinterklatringa.
Nordvest for toppen ligg det tidlegare kongeriket Mustang. Den næraste større staden er Pokhara i sør.
Bakgrunnsstoff
endre- Annapurna II på Peakbagger.com
- Annapurna II på Peakware.com
- Namnet Annapurna: opphav og tyding Arkivert 2007-09-23 ved Wayback Machine.
- Teksten er basert på artikkelen Annapurna II frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.