Anne-Olaug Ingeborgrud

norsk politikar

Anne-Olaug Ingeborgrud (28. april 192517. mars 2003) var ein norsk lærar, politikar og forfattar frå Nes i Akershus. Ho var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå 1977 til 1981.

Anne-Olaug Ingeborgrud
Fødd28. april 1925
Nes kommune
Død17. mars 2003 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Anne-Olaug Hunstad var dotter til ein gardbrukar på Årnes i Nes. Ho gifta seg til ein annan gard i heimkommunen, og under namnet Anne-Olaug Ingeborgrud var ho medlem av kommunestyret i Nes frå 1960 til 1971. Valperioden 1977-81 representerte ho Akershus fylke og Kristeleg Folkparti på Stortinget. Ho var då medlem av Finanskomiteen og Valkomiteen, samt sekretær i Odelstinget.

I 1981 vart Ingeborgrud vald til andre viseformann i Kristeleg Folkeparti, deretter var ho fyrste viseformann 1985–87. Då Kristeleg Folkeparti valde å gå inn med sine folk i Willoch-regjeringa i juni 1983, vart ho statssekretær under Kjell Magne Bondevik i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, ein jobb ho hadde til 1. november 1985.

Ingeborgrud var oppteken av lokalhistorie, og då særleg frå heimbygda Nes på Romerike. Ho skreiv mellom anna bøkene:

  • Glimt fra livet på Skauen før 1950: Nes på Romerike, Nes bygdebok (1989)
  • Kvinner i arbeid for hjem og samfunn (1992)
  • I Livets tjeneste: Jordmor Annes fargerike liv (1993)
  • Stasjonssenteret Årnes vokser fram (1997)
  • Glimt fra Gamle Los Christianos (lokalhistorie frå Tenerife, 1998)

Ho vart tildelt Kongens fortenstemedalje i sølv i 1995.

Kjelder endre