Anne Godlid, fødd på Synsttveiten i Seljord om lag 1773 og daud på syndre Kvålskard 11. april 1863, var ein førande sogeseiar og tradisjonsberar frå Telemark.

Anne Godlid
Fødd 1773
Død

4. november 1863 (90 år)

Yrke spoken word artist

Anne rekna seg som ætling av Olav Mannslagar frå Seljord, og var dotter av Olav og Gunnhild Synsttveiten. Ho var yngst av fire søsken, Nerid, Tov, Kjersti og Anne. Nerid vart sjømann og vart borte utanfor Kina, vart det fortald.

Frå bestemora hadde Anne fått med seg og lærd mykje gamalt. Ho tente i Mo sokn i 16 år før ho kom attende til Seljordsheia.

Rikard Berge fortel:

Ho var makelaus helsestød. Ho laag ute til under jol og vassa berrføtt i snjoen um mønom daa ho kom innn. Dei spurde um ho ikkje ville verme seg; men nei, ho fraus ikkje, sa ho. Men Anne var ikkje ven. Ho var stornasa og tvilippa og grovleitt og fæl. Haar hadde ho som busti på ein gris. De var svart, og midt etter kruna gjekk de ein gard som ei maan. I eldre aar snaudklypte ho seg, og naar ho strauk skautet attyvi nakken, so stod maani plent som ein kamb i vêre. Ho var liti og kvass og myrkbrynt. Paa sine gamle dagar gjekk ho tvikrokut og med kjepp i hondi. Men i ungdomen var ho kjøn (Rikard Berge).

Anne vart gift med Jørn Uppebøen, og dei slo seg til på Godlid, ein husmannsplass innmed Øvsttveiten.

Var ho ljot, Anne, so var ho so fjerre klok. Men so visste ho fulla um det au (Rikard Berge).

Magnus Brostrup Landstad fekk ho på vitjing, vart han overvelda over det gode minnet hennar. Ho fortalde han om Gase Sandland og drapet på Holge Sandland i 1419, og siterte ordrett frå eit skinnbrev skriven på den tid. Landstad skriv: «Vi have haft Anledning til at erfare, at gamle Anne Godlids Hukommelse er at stole paa i slige sager og nære ingen tvivl om at hendes Beretning i Hovedsagen er rigtig. Vi ser altsaa heraf at Gaze Sandland levede aar 1419.»

Elles var det Olea Crøger som var det første til å skrive opp etter Anne. Olea Crøger sende ho vidare til Landstad, og Anne sat på prestegarden i dagar til ende og fortalde. Ved eit høve sat ho i åtte dagar. Alltid leita ho fram noko nytt. Han sa det, presten, at «det er umuligt at skrive op alt som er i det graa hue.» Landstad skreiv opp visa om «Åsmund Frægdegjeva», «Hermod og Gygri», «Dei to systrene» og «Rullemann», attåt «Draumkvedet» og ymse stev.

Den tredje som møtte Anne og skreiv opp etter henne var Jørgen Moe. Dei møttest i 1842, og Moe laut hjelpe Anne med å få inn høyet. Moe skreiv ned Grimsborken, Meistarmøy og Buskebrura etter ho. Meir rakk han ikkje, og dei møtte einannan aldri meir.

Med Jørn Uppebøen fekk Anne to born, dottera Ingebjørg og sonen Olav. Olav døydde tidleg, og Ingebjørg vart verande på Synsttveiten til Jørn døydde i 1831. Etter det kom mora og dottera til Øvsttveiten. Her fekk Ingebjørg ein son med Sundre Skogen, utanfor ekteskap. Guten vart kalla Olav, og vart seinare bufast på garden Tjønnstaul. Anne gjekk på legd dei siste åra, og døydde endeleg i 1863. Då rekna ho sjølv med at ho var kring nitti år gamal.

Mykje av det Anne Godlid kunne vart skrive opp etter barneborna og andre etterkomarar, først og fremst Olav Tjønnstaul, dottersonen hennar. Det er ikkje godt å vita kor mykje ho sat inne med, men det er skrive ned om lag hundre eventyr og segner etter ho, men heller få viser.

Alt medreikna maa ein nok segja at den gamle kona på Selgjordsheidi hadde gøymt for vaart folk ein med dei største folkeminneskattar som nokon einskild hev bori i minte, og difor er namnet hennar væl verdt aa friske uppatt.

Kjelder endre