Åsmund Frægdegjeva

«Åsmund Frægdegjeva» er ei norsk folkevise, rekna til trollvisene innanfor balladekategorien. Handlinga i visa er knytt til helten Åsmund, som lyt vinne dottera til kongen av Irland frå eit troll nord i Trollebotn. Tematikken har eit norrønt-mytisk preg. Frægdegjeva tyder 'ein som er gjeven frægd eller lykke'.

Handling endre

Irlandskongen har mist dottera si til eit troll, og bed ein helt om hjelp til å vinne ho att. Fram til då har ingen greidd dette, og Åsmund stig fram med krav om handa til dottera som vederlag for arbeidet.

Vel framme i Trollebotn møter Åsmund «skumegygri» som vaktar over jomfrua, og Åsmund tek livet av henne. Sidan drep han alle bergtrolla, og reiser heim med kongedottera.

Handlingsmønsteret i visa kan ein og finne att i viser som Heming unge eller Kappen Iddugen, som og handlar om utfriing frå trolla.

Overlevering endre

Balladen «Åsmund» Frægdegjevar er ei mellomaldersk norsk legende og ballade med fleire varianter. Dei fortel alle om eventyra til ein helt med same namn, som kongen ber redde prinsessa. Balladen er grunna på ei fornaldarsaga. Åsmund Frægdegjeva vart skriven ned i Telemark etter mellom andre Anne Godlid i Seljord. Olea Crøger har òg funne ein variant i same området. Seinare vart visa teken opp som dansevise av Klara Semb, og var mykje nytta i songleik-vitaliseringa tidleg på 1900-talet. Marit Rognlien dramatiserte visa til bruk for songlag i 1960.