Opna hovudmenyen

Anne Husebekk (fødd 15. desember 1955) er ein norsk akademikar. Ho er professor i immunologi ved UiT Noregs arktiske universitet. 1. august 2013 vart ho også rektor ved universitetet.

Anne Husebekk
Fødd15. desember 1955
NasjonalitetNoreg
Områdeimmunologi, transfusjonsmedisin
Yrkerektor, professor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
Alma materUniversitetet i Tromsø

Husebekk tok kandidateksamen i medisin ved UiT i 1982 og doktorgraded ved same universitet i 1989. Ho har vore overlege i immunologi og transfusjonsmedisin og forskingssjef ved Universitetssykehuset Nord-Norge. I 2002 blei ho utnemnd til professor i immunologi. Husebekk har særleg forska på transfusjonsmedisin og alloimmun trombocytopeni (blodplatemangel) hjå foster og nyfødde. Ho har hatt stillinga som visepresident i den internasjonale foreininga for transfusjonsmedisin (ISBT), hatt fleire verv i Noregs forskingsråd og teke del i offentlege utreiingar for Biobankloven og Helseforskingsloven.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra