Opna hovudmenyen

Kenneth Ruud (fødd 16. september 1969 i Fredrikstad) er ein norsk professor i kjemi ved Universitetet i Tromsø og leiar for Senter for teoretisk og beregningsorientert kjemi ved UiT Noregs arktiske universitet, som av Noregs forskingsråd er utpeikt til Senter for framifrå forsking. Sidan 1. august 2013 har han vore prorektor med ansvar for forsking og utvikling ved universitetet.

Kenneth Ruud
Kenneth ruud3.jpg
Fødd16. september 1969
Fredrikstad
NasjonalitetNoreg
Yrkekjemikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarTrygve Ulf Helgaker
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Han er dr. philos i teoretisk kjemi frå Universitetet i Oslo frå 1998. Ruud vart professor allereie då han var 32 år. Ruud er den første nordiske forskaren som er vorte æra med Dirac-medaljen for yngre, framifrå kjemikarar.[1] I 2004 vart han ein av dei 26 som fekk fireårsstipend som Yngre framifrå forskar av Noregs forskingsråd. Ruud er president for Norsk kjemisk selskap[2]

I 2012 vart han valt inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i gruppe for kjemi.[3]

BibliografiEndra


KjelderEndra

  1. Forsking.no
  2. Norsk styret til kjemisk selskap
  3. dnva.no