Anne-Karine Strøm

norsk songar
(Omdirigert frå Anne Karine Strøm)

Anne-Karine Strøm (fødd 15. oktober 1951), er ei norsk songarinne frå Bøler i Oslo, særleg kjend gjennom fleire bidrag i Melodi Grand Prix.

Anne-Karine Strøm (1976)

Biografi

endre

Anne-Karine Strøm vart oppdaga som songarinne som barn då ho vann ei songtevling på ungdomsrestauranten Rondo i Oslo 1963. Sigeren førte til at ho fekk spela inn singelplate, delta i fjernsynsprogram og opptre på Folkparkshow i Sverige. Anne-Karine Strøm meistra også å syngja på italiensk, og det kom ei rekkje singelplater med henne utover sekstitalet.

I ungdomsåra var ho med i gruppene Beefeaters og Finn Eriksens orkester, samtidig som ho tok til å satsa på solokarriere. I 1971 gav ho ut debutplata DrømmebilderPolydor. Dette vart den fyrste av i alt seks soloplater av henne i løpet av sytti- og åttitalet.

Melodi Grand Prix

endre

Anne-Karine Strøm var ein aktiv deltakar i Melodi Grand Prix i 1970-åra. Første gongen ho deltok var i 1971 med solosongen «Hør litt på meg», som enda på tiandeplass. Året etter forsøkte ho på nytt, denne gongen saman med Ellen Nikolaysen med songen «Håp». Songen vart nummer 4 av 5.

I Melodi Grand Prix 1973 deltok Anne-Karine Strøm i Arne Bendiksen si gruppe Bendik Singers, der ho song «Å, for et spill» med Ellen Nikolaysen med Bjørn Kruse og Philip Kruse. Gruppa vann den norske finalen, og deltok i Eurovision Song Contest 1973 i Luxembourg. Her framførte dei songen på engelsk, «It's Just a Game», med innslag av mange europeiske språk. Av 17 bidrag enda Noreg på sjuandeplass.

Anne-Karine Strøm vann Melodi Grand Prix 1974 med solosongen «Hvor er du?». Til den internasjonale finalen i Storbritannia vart songen omsett til engelsk, og fekk tittelen «The First Day of Love». Anne-Karine Strøm framførte songen med Bendik Singers som bakgrunnssongarar, og enda på delt sisteplass.

I Melodi Grand Prix 1975 deltok Strøm med songen «1+1=2», som enda på fjerdeplass. Under Melodi Grand Prix 1976 deltok ho for foreløpig siste gong i tevlinga, denne gongen med songen «Mata Hari». Anne-Karine Strøm framførte songen i sølvbukse,[1] og ho vann framfor Jahn Teigen som framførte «Voodoo» i skjelettkostyme saman med Inger-Lise Rypdal. I den internasjonale finalen i Haag, enda «Mata Hari» på 17. plass av 18 songar.

Annan karriere

endre

Anne-Karine Strøm heldt fram som soloartist òg etter Melodi Grand Prix-perioden. Ho gav ut sitt tredje soloalbum i 1978, og på slutten av 1970-talet deltok ho også i musikalske kabaretar saman med Ole Paus og Øystein Sunde. I tillegg har ho delteke på musikkalbum av andre artistar, m.a. Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr.

På 1980-talet gav ho fyrst ut det pop-prega albumet Casablancas døtre i 1982, der Marie Bergman var produsent. I 1986 gav ho ut Landet utenfor. På dette albumet er halvparten av tekstane hennar eigne, og halvparten er skrivne av Jesper Halle og Nils Fredrik Dahl. Etter dette har ikkje Anne-Karine Strøm produsert meir som artist. Ho gjorde også ein kort karriere som skodespelar, der ho spela biroller i tre filmar.

Anne-Karine Strøm har utdanna seg innan musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og har jobba som journalist sidan 1990. Ho er i dag m.a. involvert i prosjektet Skald.[2]

Personleg liv

endre

Anne-Karine Strøm var gift med Ole Paus på 1970-talet. Ho er mor til Marcus Paus (f. 1979), som i dag er komponist.

Verkliste

endre

Soloalbum

endre
  • 1971: Drømmebilder (Polydor)
  • 1975: Anne-Karine (Triola)
  • 1978: Album (Zarepta)
  • 1982: Casablancas døtre (EMI)
  • 1986: Landet utenfor (EMI)

Andre album

endre
  • 1972: Vi vil leve (med Finn Eriksens orkester)
  • 1974: Bendik Singers (med Bendik Singers)

Bidrag i Melodi Grand Prix

endre
  • 1971: «Hør litt på meg»
  • 1972: «Håp» (med Ellen Nikolaysen)
  • 1973: «Å, for et spill» (med Bendik Singers)
  • 1974: «Hvor er du?»
  • 1975: «1+1=2»
  • 1976: «Mata Hari»

Kjelder

endre

Fotnote

endre