Jahn Teigen

norsk musikar

Jahn Teigen (27. september 194924. februar 2020) var ein norsk artist fødd i Tønsberg. Han har sunge i fleire ulike grupper, og hatt fleire slagerar. Teigen har òg delteke i Melodi Grand Prix fleire gonger.

Jahn Teigen

Fødd27. september 1949
FødestadTønsberg
Død24. februar 2020 (70 år)
DødsstadYstad
FødenamnJan Teigen
OpphavNoreg
Aktiv1967–2020
Sjangerpop, rock, komedierock, progressiv rock
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar, gitarist, låtskrivar, plateartist
Gift medAnita Skorgan
BornSara Skorgan Teigen
PrisarSpellemannprisen for årets mannlige artist, Norsk Artistforbunds Ærespris, Solprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Teigen var tidlegare gift med Anita Skorgan. Saman har dei dottera Sara Teigen Skorgan. Teigen heiter eigentleg Jan til fornamn, men brukar Jahn som kunstnarnamn. Teigen er kjend for låtar som «Mil etter mil», «Optimist», «Det vakreste som fins» og «Min første kjærlighet». Teigen har spela i band i Israel (Lions of Judea), England og Danmark. Han var i fleire år vokalist i den progressive rockegruppa Popol Vuh (frå 1975 Popol Ace). Han har mottatt heidersprisen under Spellemannprisen to gonger, i 1983 og 2009, og i tillegg vunne fleire andre priser. Teigen vart i 2010 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden,[1] og i 2012 innlemma i Rockheim Hall of Fame. 26. juli 2012 vart skulpturen av Jahn Teigen avduka på Lindalhplan i Tønsberg , ei gåve frå fansen ved Frank Rune Gustavsen og Marianne Larsen.

Utmerkingar endre

 
Jahn Teigen
Foto: Profero, 2002

Programleiar endre

Frå 1988 til 1990 var Teigen ein av programleiane for barneprogrammet Midt i smørøyet på NRK.[2]

Teigen var også programleiar i TV 2-programmet Stjerner i sikte frå 1996 - 2000 og frå 2001 - 2002. Konseptet i programmet var at folk skulle kle seg ut som ein artist dei valde sjølv og framføra ein sjølvvald song av artisten. Vinnaren av finalen fekk platekontrakt.

I 1997 fekk serien ein oppfølgjar som heitte Småstjerner. Her var det born som skulle framføra songane, men dei brukte playback og slapp å syngja sjølve.

Melodi Grand Prix endre

Jahn Teigen er kjent for at han har vore ein trufast deltakar i Norske Melodi Grand Prix. Til saman har han vore med i konkurransen i 14 finalar. I 1976 deltok han med tre bidrag. Teigen vann i 1978, 1982 og 1983, siste gong saman med Anita Skorgan. I denne samanhengen er Teigen kjend dårlege plasseringar i den internasjonale finalen.

Songane Teigen har delteke med i Grand Prix:

År Tittel Plassering
MGP
Plassering
ESC
1974 Hvor er du? * 1 14
1975 Kjærlighetens under 2
1976 Hastverk 3
1976 Alltid en vind ** 4
1976 Voodoo**/*** 2
1978 Mil etter mil 1 20
1980 Ja 9
1982 Adieu **** 1 12
1983 Do-Re-Mi 1 9
1988 Glasnost 2
1989 Optimist N 4
1990 Smil 2
1993 Jackpot 8
1994 Gi alt vi har 5
1996 Ariel ***** 4
2005 My Heart Is My Home 4

Kjelder endre

Referansar endre