Anne Stine Ingstad

norsk arkeolog

Anne Stine Ingstad (11. februar 19186. november 1997), fødd Anne Kirstine Moe, var ein norsk arkeolog som er mest kjend for dei arkeologiske utgravingane ved L'Anse aux Meadows på nordspissen av Newfoundland i Canada. Her fann ho, saman med mannen Helge Ingstad, sikre prov for norrøn busetnad frå ca. år 1000 e.Kr.

Anne Stine Ingstad

FøddAnne Kirstine Moe
11. februar 1918
Lillehammer kommune
Død6. november 1997
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdearkeologi
Yrkeantropolog, arkeolog, forhistoriker, oppdagar
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleHelge Ingstad
BarnBenedicte Ingstad

Liv og virke endre

Anne Stine Moe var frå Lillehammer. Ho vart gift med Helge Ingstad i 1941. Dei vart foreldre til forskaren og professoren Benedicte Ingstad.

Anne Stine Ingstad tok utdaning som arkeolog på 1950-talet og avla magistergradseksamen i nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo i 1960. Steinalderen var utgangspunktet for dei første fagartiklane hennar. I 1960-61 var ho ei kort tid leiar for Norsk Skogbruksmuseum 1960–61. I 1960 oppdaga Helge Ingstad ein muleg buplass i Newfoundland. I 7 sesongar, mellom 1961 og 1968, leia Anne Stine Ingstad arkeologiske utgravingar her. Dei kunne etterkvart bekrefte norrøn busetnad i Amerika 500 år før Christofer Columbus.[1] Det gjekk ei tid for arbeidet vart internasjonalt anerkjent. På 1970-talet tok Anne Stine Ingstad opp eit nytt forskningsfelt, tekstilfunna frå Kaupang og Oseberg-grava.

For det vitskaplege arbeidet sitt vart Anne Stine Ingstad i 1969 utnemnd til Honorary Dr. ved Memorial University på St. Johns i Newfoundland. I 1992 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Ho var og kommandør av St. Olavs Orden og var medlem av Vitenskapsakademiet i Oslo.

Bibliografi endre

  • Ingstad, Helge; Ingstad, Anne Stine (2001). The Viking Discovery of America: The Excavation of a Norse Settlement in L'Anse Aux Meadows, Newfoundland. Checkmark Books. ISBN 0-8160-4716-2.

Kjelder endre

  1. Tore Gjelsvik: Anne Stine Ingstad - Minneord i Polarboken 1997-1998, s. 137, utgitt av Norsk Polarklubb 1998

Bakgrunnsstoff endre