Anne T. Wøien

norsk politikar

Anne Tingelstad Wøien (fødd 18. juni 1965) er ein norsk lærar og politikar frå Senterpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Oppland fylke i 2009.

Anne T. Wøien

Fødd18. juni 1965 (58 år)
Ringerike kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
MorMarit Tingelstad
Alle verv

Wøien tok allmennlærarutdanning ved Sagene lærarhøgskole 1987–1990. Seinare utdanning innan høvesvis 5–10-årspedagogikk 1996–1997 og pedagogisk arbeid på småskuletrinnet 1997–1998, begge ved Høgskolen i Telemark. Wøien var lærar i Gran kommune 1990–2003, og øvingslærar ved Høgskolen i Hedmark 2000–2003.

Ho var skulepolitisk sekretær i Senterungdommen 1989–1990, og deretter leiar i Oppland Senterungdom 1990–1991. Medlem av Gran formannskap 1995–2003, og medlem av Oppland fylkesting 2003–2005. Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet 2005–2007, og i Samferdselsdepartementet frå 2007. 1. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, vald inn på fast basis frå 2009.

Stortingskomitear endre

Bakgrunnsstoff endre