Høgskolen i Hedmark
Høgskolen i Hedmark (HH) var ein statleg høgskule i Noreg som var verskam frå 1994 til 2016. I september 2016 vedtok Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer å slå seg sammen til Høgskolen i Innlandet, som opna 1. januar 2017.[1]
Høgskolen i Hedmark | |||
| |||
Grunnlagt | 1994 | ||
---|---|---|---|
Type | Statleg høgskole | ||
Stad | Hedmark fylke | ||
Studentar | 3 700 | ||
Tilsette | 400 | ||
Nettstad | http://english.hihm.no/ | ||
Erstattar | Hedmark distriktshøgskole | ||
Erstatta av | Høgskolen i Innlandet | ||
Høgskolen i Hedmark 60°53′09″N 11°33′29″E / 60.8857°N 11.558°E |
Høgskolen i Hedmark vart etablert 1. august 1994 som eit resultat av at fire statlege høgskolar på Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Han hadde rundt 5 250 studentar og 450 tilsette.
Høgskolen hadde undervising ved fire campusar: Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal, i tillegg til desentraliserte studiestader på Tynset, Kongsvinger og Otta. Hovudadministrasjonen ligg i Elverum. Høgskolen deltok i eit utviklingsprosjekt saman med Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik med sikte på å utvikle universitetskompetanse, Prosjekt Innlandsuniversitetet.
Høgskolen hadde tilbod om vel 100 fag- og profesjonsstudiar innan følgjande fagområde;
- Lærarutdanningar
- Helse og idrett
- Økonomi og leiing
- Kommunikasjon og samfunn
- Språk og kultur
- Skog, miljø og natur
- Landbruk og bioteknologi
- Design, spel og media
Studiane kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen sine fire avdelingar:
- Helse og idrettsfag - HI, Campus Elverum
- Lærarutdanning og naturvitskap - LUNA, Campus Hamar
- Skog og utmarksfag - SUE, Campus Evenstad
- Økonomi, samfunnsfag og informatikk - ØSIR, Campus Rena
Høgskolen tilbaud internasjonalisering av studiar. Det var mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kunne halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførte studiar.