Anne av Bretagne (25. januar 14779. januar 1514) var den siste hertuginna av det sjølvstendige Bretagne. Gjennom ulike ekteskap var ho òg erkehertuginne av Austerrike og dronning av Roma (1490-1491), dronning av Frankrike (1491-1498) og dronning av Sicilia og Jerusalem før ho på ny blei dronning av Frankrike (1499-1514) og hertuginne av Milano.

Anne av Bretagne

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. januar 1477
Château des ducs de Bretagne
Død

9. januar 1514 (36 år)
Blois

Yrke kongelig
Språk fransk, bretonsk, latin
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Frans 2. - den siste hertug av Bretagne
Mor Margaret of Foix
Ektefelle Karl VIII av Frankrike, Ludvig XII av Frankrike, Maximilian I av Det tysk-romerske rike
Anne av Bretagne på Commons

Livssoge endre

Anne var dotter av hertug François II av Bretagne (1435-1488) og den andre kona hans, Marguerite de Foix, prinsesse av Navarra. Ho var det einaste barnet deira som levde opp, og mykje arv samla seg rundt henne. Elleve år gammal arva Anne hertugtittelen frå far sin då han døydde etter eit fall frå hesteryggen.

Ho skulle opphavleg ha gifta seg med prins prins Edward av Wales, men då prinsen døydde i 1483 blei ho i staden trulova med Maximilian, framtidig keisar av det tysk-romerske riket. Dei blei vigde på avstand den 19. desember 1490.

Charles VIII av Frankrike frykta at Bretagne skulle koma på utanlandske hender og gjekk til åtak i 1491. Etter ei lang kringsetjing av Rennes tvinga han Anne til å bryta ekteskapet sitt og gifta seg med han i staden, den 6. desember det året. Ein ny fransk lov sa at dronninga, dersom ho ikkje fekk arvingar, måtte gifta seg med den neste i arvefølgja.

Anne og Charles fekk seks ungar, men ingen voks opp. Då Charles døydde i 1498 gjekk trona til fetteren hans, Louis, den 8. januar 1499. Dette ekteskapet gav to døtrer som levde opp: Claude (1499–1524), arving av Anne og seinare dronning av Frankrike, og Renée (1510–1575), seinare hertuginne av Chartres.

Personlegdom endre

Hertuginna var ei intelligent kvinne som brukte mesteparten av livet sitt på å styra Bretagne og å verna om sjølvstendet til hertugdømet. Ho støtta kunst og musikk. Mellom anna fekk ho laga ei illuminert (illustrert) tidebok (ei bønebok).

Ettermæle endre

Anne døydde på slottet i Blois i 1514. Med henne døydde òg det bretonske sjølvstendet ut, og frå då av høyrde til tittelen «hertug av Bretagne» dei franske prinsane.

På 1800-talet blei ho eit symbol for regionalistar og seinare nasjonalistar som ønskte sjølvstende for Bretagne. Det blei mellom anna hevda at hertuginna gjekk med tunge støvlar, på same møte som bøndene, for å nærma seg folket.

Kjelder endre