Anneliese Rothenberger

Anneliese Rothenberger (fødd 19. juni 1924 i Mannheim, død 24. mai 2010 i Münsterlingen, Sveits) var ein verdskjend tysk sopran, operasongarinne og skodespelarinne. I løpet av karrieren sin vart ho særleg kjend for si tolking av musikken til Mozart og Richard Strauss. Mellom anna tolka ho rolla Susanna i Figaros bryllup av Mozart og for Lulu av Alban Berg.[1] Ho innehadde ei rekkje utmerkingar og prisar.

Anneliese Rothenberger

Fødd19. juni 1924
FødestadMannheim
Død24. mai 2010 (85 år)
DødsstadMünsterlingen
OpphavTyskland
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somprogramleiar, operasongar
Prisarstort fortjenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Baden-Württembergs fortjenstorden

Biografi endre

I barndommen døydde broren hennar i ei ulukke og faren hennar av hjartesjukdom. Anneliese fekk songundervisning av Erika Müller i krigsåra 1942-1944. I 1943 i byteateret i Koblenz fekk ho for fyrste gong syngja på scenen framfor eit publikum. Grunna krigen vart teateret sperra i 1944, og Anneliese jobba ein periode på fabrikk før ho måtte evakuera til Thüringen seinhaustes 1944. Hausten 1945 vart ho engasjert som songarinne igjen og framførte sin fyrste songkveld i Hamburg med stykke av Mozart. I 1947 hadde ho sin fyrste konsert i Hamburg og vart tilsett ved statsoperaen i byen.[2]

 
Anneliese Rothenberger tek imot Edison-prisen i 1969.

I 1951 debuterte ho som filmskodespelar, noko ho heldt fram med opp gjennom 1950- og 1960-åra.[3] Ho song ved operaen i Hamburg frå 1949-1956, og vart tilsett ved operaen i Wien i 1958. Frå og med 1954 opptredde ho kvart år under Festspela i Salzburg. Same året gifte ho seg med journalisten Gerd W. Dieberitz.[2] I 1960 debuterte ho for fyrste gong på Metropolitan Opera i New York,[4] og opptredde heile 48 gonger der frå då av og til 1965.[5] Anneliese Rothenberger fekk ein ny karriere i 1970-åra då ho vart programleiar for fjernsyn for fyrste gong. Seriane ho leidde, var m.a. Anneliese Rothenberger Gibt Sich die Ehre og Traumland Operette. Ho song på operascenen fram til 1983, og heldt sin siste konsert i 1989. Etter at ektemannen Dieberitz døydde i 1999, slo ho seg ned ved Bodensjøen i Sveits og budde der dei siste åra av livet sitt.[6]

Fotnotar endre

  1. «Anneliese Rothenberger». Store Norske Leksikon. 15. februar 2009. 
  2. 2,0 2,1 Biografi på Annelieserothenberger.ch (tysk), arkivert frå originalen 24. juli 2013, henta 12. april 2013 
  3. Filmografi på imdb.com
  4. Store Norske Leksikon om Anneliese Rothenberger
  5. «Anneliese Rothenberger, German Opera Singer, Dies». New York Times (på engelsk). 27.05.2010. 
  6. «Anneliese Rothenberger obituary». The Guardian (på engelsk). 26.05.2010.