Annie Jump Cannon
Annie Jump Cannon (11. desember 1863–13. april 1941) var ein USA-amerikansk astronom. Cannon utarbeidde den såkalla harvardklassifikasjonen av stjernespektra (fotografisk). Dette var det første forsøket på å organisere og klassifisere stjerner basert på temperaturen deira. I løpet av dei 45 åra ho arbeidde med det fotografiske materialet, klassifiserte ho spekter for over 395 000 stjerner. Ho oppdaga òg fleire tusen variable stjerner ved å studere det enorme biletmaterialet.
Annie Jump Cannon | |||
Annie Jump Cannon i 1922 | |||
Fødd | 11. desember 1863 Dover, Delaware[1] | ||
---|---|---|---|
Død | 13. april 1941 (77 år) Cambridge, Massachusetts | ||
Nasjonalitet | USA-amerikansk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom, fysikar, universitetslærar, astrofysikar | ||
Institusjonar | Harvard University Wellesley College | ||
Alma mater | Radcliffe College Harvard University Wellesley College Wesley College | ||
Kjend for | Stjerneklassifisering | ||
Influerar | Sarah Frances Whiting | ||
Utmerkingar | Henry Draper Medal (1931) | ||
Medlem | Harvard Computers American Philosophical Society American Astronomical Society Royal Astronomical Society Phi Beta Kappa Maria Mitchell Association |
Cannon blei ein del av dei såkalla Harvard Computers,[2] ei gruppe kvinner tilsette av direktøren for Harvard-observatoriet, Edward C. Pickering, for å fullføra Henry Draper-katalogen. Målet var å kartleggja og definera kver stjerne på himmelen frå fotografi, med ein fotografisk magnitude på rundt 9.[3] Pickering meinte ho var den raskaste personen i verda til å klassifisera stjerner.[4] Etter usemje om kor komplekst klassifiseringssystemet for spektralklassar skulle vera, fekk Cannon gjennomslag for eit forslag som bygde på absorpson av Balmer-linjer.Systemet brukte klassane O, B, A, F, G, K og M, og danna grunnlaget for noverande klassifisering.[5]
Cannon var leiar for biletarkivet frå 1911.
Cannon var nesten heilt døv gjennom heile karrieren sin. Ho arbeidde for røysterett for kvinner og var medlem av National Woman's Party.[6]
Kjelder
endre- ↑ Reynolds, s. 18
- ↑ Shteynberg, Catherine. «Pickering's Women». Smithsonian Institution Archives. Smithsonian Institution. Henta 8. mai 2009.
- ↑ «Annie Jump Cannon | American astronomer». Encyclopædia Britannica. Henta 10. september 2016.
- ↑ Fitzgerald, Helen (18 September 1927). «Counted the Stars in the Heavens». The Brooklyn Daily Eagle. Henta 13. april 2017 – via Newspapers.com. «Miss Cannon is the only person in the world—man or woman—who can do this work so quickly.»
- ↑ «Astronomers Find New Class of Starlike Objects». Del Rio News Herald. 10 June 1998. Henta 13. april 2017 – via Newspapers.com.
- ↑ «Brooklyn Museum: Annie Jump Cannon». Brooklyn Museum. Henta 13. april 2017.
- Annie Jump Cannon. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Annie Jump Cannon» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Des Jardins, Julie (2010). The Madame Curie Complex—The Hidden History of Women in Science. New York, NY, US: Feminist Press. ISBN 9781558616554. OCLC 618891417.
- Dvorak, John (August 1, 2013). «The Women Who Created Modern Astronomy». Sky and Telescope 126: 28–33. ISSN 0037-6604. OCLC 907890766.
- Mack, Pamela (1990). «Straying from their orbits: Women in astronomy in America». I Kass-Simon, G.; Farnes, Patricia; Nash, Deborah. Women of Science: Righting the Record. Bloomington, IN, US: Indiana University Press. s. 91. ISBN 9780253208132. OCLC 28112853. Henta 1 April 2014.
- Reynolds, Moira Davison (2004). American Women Scientists: 23 Inspiring Biographies, 1900–2000. Jefferson, NC, US: McFarland. ISBN 9780786421619. OCLC 60686608.
- Welther, Barbara L. (October 1978). «Highlights of an Exhibit to Honor Annie Jump Cannon». The Journal of the American Association of Variable Star Observers 7 (2): 85–87.
Bakgrunnsstoff
endre- Annie Jump Cannon[daud lenkje] snakkar med kollegar frå 365DaysOfAstronomy.Org