Another Rainy Day in New York City
Another Rainy Day in New York City Singel av Chicago frå albumet Chicago X | ||
B-side |
«Hope for Love» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1976 | |
Sjanger | Ska/rock | |
Lengd | 3:03 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Robert Lamm | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
«songen Brand New Love Affair» (1975) |
Another Rainy Day in New York City | «If You Leave Me Now» (1976)
|
«Another Rainy Day in New York City» er ein song skriven av Robert Lamm for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago X (1976). Det var den første singelen gjeven ut frå albumet og nådde 32. plassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista.[1] Singelen vart nesten fullstendig ignorert på radio, som i staden spelte albumsporet «If You Leave Me Now». På grunn av dette, slutta Columbia Records å marknadsføre singelen og gav i staden ut «If You Leave Me Now» berre sju veker etter «Another Rainy Day in New York City».
Medverkande
endre- Peter Cetera - solovokal, bass
- Terry Kath - korvokal, elektrisk- og 12-strengs akustisk gitarar
- Robert Lamm - korvokal, piano
- Danny Seraphine - trommer
- Laudir de Oliveira - conga, guiro, shakers og wind chimes
- Jimmy Pankow - trombone
- Lee Loughnane - trompet
- Walt Parazaider - tenorsaksofon, fløyte
- Othello Molineaux - steeltrommer
- Leroy Williams - steeltrommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Another Rainy Day in New York City» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chicago Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.